Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Nail & Skin

Tove-Bente har etablert parfymeri- og negledesignbutikken Nail & Skin.
Manikyr. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ho har desse kontoane per 1. september:

  • Varelager kr 70 000
  • Kundefordringar kr 5 000
  • Gjeldsbrevlån kr 120 000
  • Inventar kr 90 000
  • Kontantar kr 22 000
  • Leverandørgjeld kr 29 000
  • Kassekreditt kr 6 000
  • Eigenkapital kr ?
  • Utstyr kr 28 000

Oppgåver

  1. Berekne eigenkapitalen.
  2. Berekne kapitalbehovet til butikken til Tove-Bente, oppdelt i anleggsmiddel og omløpsmiddel.
  3. Berekne korleis kapitalbehovet er finansiert, oppdelt i eigenkapital, langsiktig gjeld og kortsiktig gjeld.
  4. Berekne eigenkapitalprosenten.
  5. Berekne likviditetsgraden.
  6. Vurder den økonomiske situasjonen.
CC BY-SASkrive av Hindrik Sants.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Å starte eiga bedrift