Hopp til innhald

Fagstoff

Hjelpemiddel til hogsten

Hjelpemidla gjer arbeidet lettare og sikrare, og dei bidreg på den måten til at du får gjort den jobben du skal gjere. Lær deg å bruke hjelpemidla rett. Ikkje gløym at rett arbeidsteknikk er like viktig same kva reiskapar og hjelpemiddel du bruker.

Hoggarbelte

I hoggarbeltet er det plass til det utstyret du treng.

Skogsarbeidar med hoggarbelte med forskjellig utstyr. Foto.

Brytejern eller fellespett

Denne reiskapen set du inn i hovudskjeret. Han hindrar at treet fell i feil retning, og vi bruker han òg for å få treet over ende. Reiskapen kan brukast til å vende ein stokk og til å få laus fastfelte tre.

Fellespett som er sett fast i eit tre under felling. Foto.
Bruk av trampejern under felling av tre. Foto.

Trampejern

Du set òg trampejernet inn i hovudskjeret som sikring mot at treet skal falle i feil retning. Når du skal få treet til å falle, bruker du føtene på trampejernet, og ikkje armane. Set ein fot eller begge føtene på enden av trampejernet, bøy knea og bruk lårmuskulaturen til å trampe ned. Er treet stort, held du fast i stammen for å få mest mogleg kraft.

Både trampejernet og fellespettet reduserer belastninga på kroppen.

Oransje fellekile. Foto.

Fellekile

Du kan bruke fellekilar i staden for trampejern og fellespett. Dei er laga av slagfast plast. Skal du bruke kilar, må du òg ha med øks.

Du kan setje ein liten fellekile i hovudskjeret slik at treet ikkje fell bakpå. Store fellekilar – 20–25 cm lange og 3–5 cm tjukke i bakkant – kan brukast når store tre skal fellast. To kilar som blir banka inn annankvar gong, gir god effekt.

Tømmersaks

Tømmersaksa blir brukt til lunning – flytting – av mindre tømmerstokkar. Rett løfteteknikk er viktig når du bruker tømmersaksa.

Løfting av tømmer med tømmersaks. Foto.

Løftekrokar

Løftekrok mot kvit bakgrunn. Foto.

Løftekrokar brukte ein mykje før under hogst av kappa tømmer. Den lange varianten gjer at du slepp å bøye deg så langt ned når du skal starte løftet.

Løftekrokane kan brukast omtrent som tømmersaksa. Fordelen med krokar er at du må bruke begge hendene når du skal løfte, og du slepp å belaste ryggen skeivt.

Det er ein fordel å ha både tømmersaksa og krokane festa til beltet, så er dei tilgjengelege for deg heile tida.

Det er viktig med rett arbeidsteknikk når du bruker krokar. Dersom kroken glepp, kan du skade deg stygt.

Måleband og klave

Du har bruk for måleband og klave når du skal aptere. Du skal alltid bruke klave og måleband når du skal aptere skurtømmer. Det finst haldarar til både klaven og målebandet, slik at du kan ha dei i beltet.

Hoggarklave og hoggarmåleband. Foto.

Verktøy og reservedelar

Filverktøy, skrujern og kombinøkkel. Foto.

Når du er ute i skogen på hogst, er det lurt å ha med det vanlegaste verktøyet du treng til saga: kombinøkkel, skrujern, rund fil og flat fil, filmal og unbrako/torx til diverse skruar på saga (varierer frå merke til merke). Ei lita tong er det heller ikkje dumt å ha med.

Av reservedelar må du ha med ei eller to reservekjeder, sverd, startsnor, tennplugg og nokre av dei vanlegaste skruane til saga.

Har du med deg dette, sparer du deg mykje tid om noko skulle gå sund eller du må mekke litt.

Du bør òg ha ei kombikanne til bensin og kjedeolje. Ha med nok til heile arbeidsdagen, og ha gjerne kanner tilgjengelege for påfylling av kombikanna.

Sikkerheitsutstyr

Du skal ha enkeltmannspakke i brystlomma eller i beltet. Eit førstehjelpsskrin bør vere i nærleiken. Ha alltid med mobiltelefon eller sikringsradio.

Enkeltmannspakke, mobiltelefon og nødradio. Foto.

Har du trent på førstehjelp? Det er viktig at du veit kva du skal gjere dersom ulykka er ute!

Oppsummeringsoppgåve

CC BY-SASkrive av Hallstein Berre.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Motorsaga – bruk og vedlikehald