Hopp til innhald

Fagstoff

Internasjonal erfaring og læring

Enkelte tragediar har eit så stort omfang, at dei også set djupe spor i internasjonal samanheng. På denne måten kan ulike land lære av kvarandre, for å minske risiko for at liknande hendingar skal skje på nytt.
Flyfoto over Utøya
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tragedien på Utøya

Dessverre er det ikkje alle hendingar ein kan unngå. Somme gonger rammar tragedien brutalt og fullstendig uventa. Ingen hadde tenkt at ungdommane på Utøya den 22. juli 2011 kunne vere eit terrormål.

Tragedien på Utøya fekk merksemd over store delar av verda og førte til at fleire land sette inn tiltak i sin eigen terrorberedskap.

Også i Noreg blei det viktig å setje i verk tiltak som skulle hindre liknande tragediar i framtida. I dag har alle kommunar beredskapsplanar som inneheld vurderingar av terrorfare.

Skuleskytingar

Skuleskytingar mellom anna i Sverige, Finland og USA har gitt myndigheitene våre eit varsel om at slik terror også kan komme til Noreg. Derfor trener naudetatar og skuleleiarar på slike situasjonar. Dei vurderer risiko og set i verk ulike tiltak som dei tek med i beredskapsplanane sine.

Tragedien på Hillsborough Stadium

Somme gonger er ein kjend med risikoen for alvorlege uønskte hendingar utan at det er nok til å hindre dei. Eit døme på det er finalen i FA-cupen i fotball mellom Liverpool og Nottingham Forest på Hillsborough Stadium i 1989. Trass i at tilskodarane var fysisk åtskilde og kampen gjekk føre seg på ein nøytral bane, opplevde fotballverda ein av sine største tragediar med 89 omkomne. Granskinga viste at det var summen av fleire faktorar som bidrog til å skape det presset frå publikum som reiv ned gjerde, tribuneanlegg og sperringar.

Etter denne tragedien har FIFA, UEFA og dei nasjonale fotballforbunda innført ei rekkje tiltak for å unngå liknande hendingar.

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Risikovurdering og førebygging