Hopp til innhald

Fagstoff

Økologiske råvarer og produksjon

Økologisk mat blir produsert på naturen sine premissar, med god dyrevelferd, minimal bruk av tilsetjingsstoff og ingen bruk av kunstgjødsel eller kjemisk- syntetiske plantevernmiddel.

Korn og kornprodukt

Økologisk korn blir dyrka på ein åker som er fri for kunstgjødsel og kjemiske sprøytemiddel. For å få bort ugras, sopp og skadedyr og som jordforbetring bruker bonden vekstskifte, som vil seie å veksle mellom sortane ein dyrkar på den same åkeren over tid. I tillegg bruker bonden naturleg gjødsel som rett og slett er avføring frå dyr. Vi har mange økologiske kornsortar i handelen i dag.

Egg/fjørfe

Økologiske egg kjem frå høner som har særskilt tilrettelagde hønsehus, stell og fôr (som sjølvsagt skal vere økologisk). Høna/kyllingen har krav på å gå fritt ut og inn, og ute skal det vere lagt til rette eit miljø som høna kan trivast i.

Inne skal det vere lyst på dagtid, og god plass så ho kan røre på vengene og gjerne ta eit sandbad for å reinske dei om ho ønsker det. Høna skal ha eit mest mogeleg naturleg miljø rundt seg, og det omfattar at ho skal få sove på ein vagle, at ho har eit reir til å legge egg i, og at det er mørkt om natta.

Dyr

Dyr som blir alte opp på ein økologisk gard og blir selde som økologisk kjøt, skal leve slik det er mest naturleg for dyret. Fôret skal sjølvsagt vere økologisk, det skal vere god plass inne og mogeleg å gå ut og inn. Det er krav om at dyra skal kunne vere ein god del ute òg utanom beitesesongen.

Levemåten til økologiske dyr vil gjere dei meir motstandsdyktige mot sjukdom. Ved eventuell sjukdom og medisinsk behandling med kjemisk medisin er det krav om dobbelt så lang karantenetid som til vanleg, når ein leverer mjølk og kjøtt.

Frukt og grønsaker

Økologisk frukt og grønsaker skal vere dyrka utan kunstgjødsel og sprøytemiddel. Somme gonger blir frukt og grønt voksa for at dei skal halde seg lenger. Det er ikkje tillate å gjere dette med økologisk dyrka frukt og grønsaker. Ettersom økologisk frukt ikkje er sprøyta, kan vi bruke skalet når vi lagar mat og bakar.

Er økologisk mat sunnare?

Fleire undersøkingar viser at det er nokre forskjellar på næringsinnhald i økologisk og konvensjonelt dyrka mat.

I undersøkingar er det funne eit høgare innhald av vitamin C og antioksidantar og eit høgare innhald av ein del mineral i økologisk frukt, grønsaker og korn. Økologisk mjølk og kjøtt har ei meir gunstig feittsyresamansetning enn konvensjonell mjølk og kjøtt, men noko lågare innhald av jod og selen.

Studiane viste òg eit lågare nivå av restar av plantevernmiddel i frukt, grønsaker og korn som var dyrka økologisk.

Sjølv om studiane viser at det er litt forskjell i næringsinnhald, er det usikkert om det har noko å seie for helsa. Det er for lite forsking på dette til å kunne seie noko sikkert, og det er mange faktorar som speler inn når det gjeld helsa vår.

Naturleg økologiske råvarer

Ein del av dei varene vi har rundt oss, er naturleg økologiske, utan at vi tenker så mykje over det. Ville dyr og fuglar og fisk et av det naturen gir og er økologiske. Elles kan vi om hausten finne ein del viltveksande sopp, urter og bær som vi kan hauste sjølve eller kjøpe av ein leverandør eller i butikken.

Kjelder

Kjørstad, E. (2021, 22. august). Er økologisk mat sunnere enn annen mat? Forskning.no. https://forskning.no/landbruk-mat/er-okologisk-mat-sunnere-enn-annen-mat/1899569

Mathisen, G. (2019, 20. november). Forskere har fastslått at økologisk kjøtt og melk er sunnere. Økologisk.no. https://www.okologisk.no/no/tema/helse-og-sunnhet/forskere-har-fastslaatt-at-oekologisk-er-sunnere

Nibio, Stiftelsen Norsk Mat. (2019, 26. november). Dette er økologisk mat. Økologisk.no. https://www.okologisk.no/no/tema/hva-er-oekologisk-mat/dette-er-oekologisk-mat

CC BY-SASkrive av Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 26.10.2022

Læringsressursar

Berekraftig mat