Hopp til innhald

Fagstoff

Risiko og tiltak

Det kunne vere freistande å setje seg ned og liste opp alt vi gjer – og kunne tenkje oss å gjere – for å styrkje sikkerheita i verksemda vår. Lista ville fort blitt lang, men ho ville vere til liten nytte i sikkerheitsarbeidet.
Kameraovervåkning
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hendingar først, så tiltak

For å komme fram til gode tiltak må vi følgje den tankegangen som vi har gått igjennom i denne delen. Kort repetert må vi

  • beskrive uønskte hendingar
  • vurdere desse hendingane opp mot sannsyn og konsekvensar
  • setje hendingane inn i ei risikomatrise for å finne graden av risiko
  • finne tiltak som rettar seg mot dei uønskte hendingane vi prioriterer å arbeide vidare med

Vanlegvis vil vi altså ha ei konkret uønskt hending som utgangspunkt for arbeidet med å finne aktuelle tiltak.

Val mellom kjende løysingar

Ofte vil aktuelle tiltak vere godt kjende, men det kan vere ulike leverandørar, det kan vere små forskjellar i tekniske løysingar, og det kan vere ulike kostnader. Då er det viktig å involvere dei som skal arbeide tettast på problemområdet og det nye tiltaket.

Kreative prosessar

Somme gonger er det nødvendig å finne heilt nye løysingar på sikkerheitsutfordringar. Kanskje finst det ikkje kjende tiltak som løyser utfordringa vår på ein tilfredsstillande måte. Då kan det vere fornuftig å setje saman ei arbeidsgruppe som skal komme med nye forslag. Gruppa kan bestå av tilsette som arbeider tett på problemområdet, tilsette med teknisk kompetanse og tilsette med eit spesielt ansvar for sikkerheit.

Arrangementssikkerheit

Ved ein kamp mellom Molde og Rosenborg er risikoen vurdert som høg. Ein har erfaring med at supporterane til bortelaget kan storme banen, kaste gjenstandar og bruke brennbart materiell. Her kan sikkerheitsstaben mellom anna velje mellom desse tiltaka:

  • fysisk skilje med gitter mellom bortetribunen og banen
  • garn som skil bortetribunen og banen
  • forsterka vakthald med synleg politi inne på bortetribunen
  • forsterka kameraovervaking av bortetribunen
  • forsterka visitering ved inngangen

Kan du komme på fleire – og kanskje betre – tiltak?

CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Risikovurdering og førebygging