Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Normsendarar

Publisert: 06.09.2010 (14:01) , Oppdatert: 16.02.2011 (12:05)
Venninner på skoleveien

Å påverke vil mellom anna seie å sende normer. Derfor kallar vi dei som prøver å påverke eller påverkar, normsendarar.

Dei viktigaste er:

kontorlandskapKollegaer og leiarar du møter i arbeidslivet, er også normsendarar.
Fotograf: Carl Martin Nordby

 

flatskjerm-tvMassemedium er normsendarar og påverkar oss i ulik grad.
Fotograf: Arash A. Nejad

 

kirkeNokre av dei mest grunnleggjande normene og verdiane vi har, er kristne normer.
Fotograf: Gorm Kallestad

Familie

Familien skal lære barna grunnleggjande normer og verdiar – at det er stygt å stele, lyge og slå, og at det er viktig både å samarbeide med andre og kunne stå på eigne bein og hevde sine eigne meiningar og synspunkt. Her kan barna lære om dei evige spørsmåla – kvifor ein er fødd, og kva som er meininga med livet. I familien skjer sosialiseringa ved at barna har direkte kontakt med dei som påverkar dei. Derfor snakkar vi om personleg sosialisering.

Opplæring

i klasserommetPå skulen får barn og unge styrkt dei normene dei har med seg frå familien.
Fotograf: Lise Åserud

I barnehagen og skolen får barna forsterka mange av dei normene og verdiane som dei har møtt i familien. Ein skilnad kan vere at barna i barnehagen i større grad må lære seg å ta omsyn til andre. Dessutan må dei så smått lære å hevde seg overfor andre som krev like mykje merksemd. I skolen blir nok konkurransen sterkare, ikkje minst mot slutten av den ti år lange grunnskolen. Korleis dei unge oppfattar seg sjølv – om ein er vellykka eller ikkje – er nok i mange miljø avhengig av korleis dei maktar å hevde seg i denne konkurransen. Med andre ord: Denne konkurransen verkar inn på utviklinga av identiteten til dei unge.

Venner

Venner og kameratar er viktige sendarar av uformelle normer og verdiar. Nokre av dei kan nok gå på tvers av dei formelle og offisielt godtekne. Ja, i somme miljø er det slik at du faktisk må bryte dei offisielle normene for å bli godteken. Er slike miljø viktige for deg, kan du nok utvikle ein identitet som kriminell. Så kan vi lure på kvifor kameratene eller gjengen er så viktige at ein utviklar seg i ei slik retning? Ein grunn er at dei fleste av oss ønskjer å vere medlem av ei gruppe – vi orkar ikkje å stå aleine. Kanskje er det spesielt viktig for oss å høyre til ei gruppe når vi er unge, når vi føler oss usikre fordi vi er i ferd med å ta spranget frå barn til vaksen? I slike periodar treng vi folk som forstår oss, og som stiller opp for oss. Og kven er dei? Jo, det er dei som er på same alder som oss sjølve, trur vi i alle fall.

Arbeidsliv

I arbeidslivet blir mange av dei normene og verdiane vi har tileigna oss i oppveksten, forsterka: Mange har nok fått med seg at det ikkje er dumt å kunne bruke olbogane, men vi skjøner også ganske raskt at vi må samarbeide og ta omsyn til andre. Den som utviklar ein identitet som går ut på «først meg sjølv, så meg sjølv, for eg er best og eineståande», har dårlege utsikter på arbeidsmarknaden.

Media

Massemedia er aviser, bøker, fjernsyn, teikneseriehefte, radio, video og film. For ikkje å snakke om Internett! Utan tvil påverkar desse massemedia utviklinga av identiteten til dei som bruker dei. Éin grunn er at dei i høg grad formidlar normer og verdiar. Når dei på sportssidene hyllar sigerherrane, seier dei at det er viktig å vinne og bli ein einar i samfunnet. Når dei fortel om det gode livet for rike kjendisar, seier dei at lykka er penger. Men vi finn også forteljingar om varme menneske som ofrar nærmast alt for medmenneska sine.

Det er svært vanskeleg å seie noko sikkert om korleis massemedia er med på å utvikle identiteten hos brukarane. Ein grunn er sjølvsagt at vi som nemnt blir påverka frå mange hald, ikkje berre massemedia. Ein annan grunn er at massemedia er så mangt - det er stor skilnad på ei bok og eit fjernsynsprogram. Dessutan er vi som brukarar nokså ulike, og vi lèt oss påverke ulikt. Valdsfilmar verkar nok annleis på ein redd tiåring enn på ein traust sekstiåring!

Religion

Kyrkja er med på å forsterke dei tradisjonelle normene og verdiane. Nokre av dei mest grunnleggjande normene og verdiane i samfunnet er jo nettopp kristne normer og verdiar, slik vi finn dei i Bibelen, og slik eit fleirtal i kyrkja tolkar dei. Det vil seie at kyrkja ikkje viser veg når det gjeld å opne for andre og kanskje nye måtar å leve på. Ein del menneske med homofil legning eller identitet opplever denne haldninga som vanskeleg. Kyrkja støttar identitetsutviklinga på mange måtar, ikkje minst ved at mange av oss møter kyrkja i viktige fasar i livet, som ved dåp, konfirmasjon, bryllaup, nattverd og gravferd. Vidare er det mange menneske som søkjer saman i religiøse foreiningar og opplever fellesskap med andre. 

 

Tilrå
28

Fagleg

Andre ressursar

Frå NyGiv

Inngår i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve