Hopp til innhald

Fagstoff

Utrekning av konsekvensar

Når vi bereknar konsekvensar, vurderer vi kva for negative følgjer ei uønskt hending kan få. Vi vil ofte vurdere den økonomiske verdien av desse følgjene. Her skal vi sjå på økonomiske konsekvensar, men konsekvensar kan òg vurderast ut frå personskade, miljø eller materielle skadar.
Eit forstørringsglas med teksten Risiko. Teikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gradering av konsekvensar

Når vi skal bruke konsekvensar til å berekne risiko, vurderer vi alvorsgrada ved dei ulike hendingane. Nedanfor ser du eit døme på korleis konsekvens kan graderast.

Gradering av konsekvensar

Grad av konsekvens

Forklaring

Liten konsekvens = 1

Ingen eller små økonomiske tap eller skade på menneske

Middels konsekvens = 2

Noko økonomisk tap og/eller noko skade på menneske

Stor konsekvens = 3

Store økonomiske tap og/eller store skadar på menneske, ev. dødsfall

Grad av konsekvensar – med 3 nivå.

Same hending – ulike konsekvensar

Frå innleiinga hugsar du kanskje dømet med straumbrot. Tenk deg at du skal plassere konsekvensane av eit straumbrot av 30 minutts varigheit i tabellen over for desse verksemdene:

  • ein daglegvarebutikk
  • intensivavdelinga på eit sjukehus
  • ein vidaregåande skule
  • hovudserveren hos IKT-avdelinga i ein stor bank
CC BY-SASkrive av Kyrre Romuld og Anki Olsen.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Risikovurdering