Hopp til innhald

Fagstoff

Brønnbarrierar

Brønnbarrierane skal hindre olje og gass frå å strøyme inn i brønnen og opp til riggen. Det skal vere minst to åtskilde barrierar under boring og ved vedlikehaldsarbeid i produksjons- og injeksjonsbrønnar. Desse barrierane er skilde som primær og sekundær barriere.
Teikninga viser ein brønn med barrierar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er lovpålagt å ha minst to åtskilde barrierar for brønnen under boring og vedlikehaldsarbeid. I brønnen er væska primærbarriere, og på overflata er ventilar i BOP og i borestrengen sekundærbarriere mot uønskt utstrøyming.

Når ein borar ein brønn, sørgjer slamvekta for at det ikkje strøymer olje eller gass inn i brønnen. Då fungerer slammet som primærbarriere. Dersom slammet blir for lett, kan brønnen kome ut av kontroll (kick), noko som i verste fall kan føre til ei utblåsing (blow out). Det er derfor nødvendig med ein sekundærbarriere for å kunne kontrollere brønnen.

Den sekundære barrieren er BOP (Blow Out Preventer), som er plassert på brønnhovudet, og IBOP og kelly cock, som er installerte i top drive og/eller i toppen av borestrengen.

BOP stengjer ringrommet på utsida av borestrengen, IBOP og kelly cock stengjer innvendig i borestrengen.

CC BY-SASkrive av Kenneth Ludvigsen. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 29.06.2018

Læringsressursar

Brønnsikringsutstyr for boring