Skriv ut Lytt til tekst
 
Fagstoff

Kvifor arbeidsløyse?

Publisert: 27.08.2010 (08:42) , Oppdatert: 19.08.2011 (12:27)
Jobbsøker på NAV

Det er mange grunnar til arbeidsløyse. Vi skal ta for oss nokre av dei og dele dei inn etter type.

samlebånd fiskeindustriFiskeindustrien er ein bransje som kan vere merkt av sesongarbeidsløyse.
Fotograf: Terje Bendiksby
   

 

kvinne med laptopEin del unge brukar tid på å finne seg jobb når dei er ferdige med å studere. Dette blir kalla friksjonsarbeidsløyse.
Fotograf: Berit Roald
   

 

bygg- og anleggByggebransjen er ofte prega av både sesongarbeidsløyse og konjunkturarbeidsløyse. I tider med dårleg økonomi blir det satsa mindre i bygg- og anleggsbransjen.
Fotograf: Dan Petter Neergaard
  

Sesongarbeidsløyse. I somme bransjar er det vanskeleg å sysselsetje alle tilsette heile
året. Slike bransjar er til dømes byggje- og anleggsbransjen og
fiskeforedlingsindustrien.

Friksjonsarbeidsløyse. Dei som sluttar i eit arbeid, må ofte gå ledige ei tid før dei finn noko nytt. På same måten kan det gå litt tid før dei som nettopp er ferdige med utdanninga si, finn seg eit høveleg arbeid. Dette gjeld også nokre av dei som har skaffa seg svært lang utdanning.

Norske Skog UnionI 2005 vedtok Norske Skog å leggje ned papirfabrikken Union i Skien. Då produksjonen stoppa var det mange som ikkje hadde fått ny jobb og gjekk ut i arbeidsløyse.
Fotograf: Birte Ulveseth
 

Strukturarbeidsløyse. Vi snakkar om strukturarbeidsløyse når det i ein lang periode er fleire arbeidssøkjarar enn arbeidsplassar i ein eller fleire bransjar. Struktur tyder oppbygging eller samansetjing. Det kan bli strukturarbeidsløyse når næringslivet endrar seg raskt og mykje. Slike endringar kan skje på fleire måtar:

  • Bedrifter slår seg saman til større einingar (fusjonerer). Da kan somme tilsette bli overflødige fordi bedrifta kan produsere like mykje med færre tilsette.
  • Somme bransjar har dårlege tider, mens andre gjer det godt. Da minkar etterspurnaden etter visse typar arbeidskraft, mens andre kan velje og vrake i stillingar. Det er mange grunnar til at heile yrkesgrupper eller bransjar kan bli ramma. Svikt i naturressursane er eitt døme - gruvedrifta tek slutt når det ikkje er meir malm att, og fiskeria får problem når fisken forsvinn. Dei siste åra har vi også hatt døme på at mange har mist arbeidet fordi eit konsern la ned ein eller fleire av fabrikkane sine sjølv om dei gjekk med overskot. I Skien skjedde dette da Norske Skog i 2005 vedtok å leggje ned Union. Nokre konsern legg ned verksemda i Noreg og flytter henne heilt eller delvis til utlandet, der det er billigare å produsere.
  • Bedrifter rasjonaliserer produksjonen ved at dei tek i bruk ny teknologi. Da kan nokre bli sagde opp, mens andre med ei anna utdanning blir tilsette.

Det som er sagt ovanfor, viser at vi kan ha for få folk med ei utdanning det er etterspurnad etter, og samstundes ha for mange med andre typar utdanning. Problemet er at arbeidsledige i éin bransje ikkje utan vidare kan gå over i ein annan. Vi kan til dømes ikkje la arbeidsledige med solid medieutdanning byrje som sjukepleiarar neste dag. Dette viser at vi eigentleg ikkje har berre éin arbeidsmarknad, men fleire.

Konjunkturarbeidsløyse. Konjunkturar er svingingar i økonomien, nedgangstider og oppgangstider. Når konjunkturane er dårlege, er etterspurnaden etter varer og tenester så liten at produsentane ikkje får selt varene sine til gode nok prisar. Da kan dei bli nøydde til å redusere eller innstille produksjonen, og folk kan bli arbeidslause.

Noreg har ein open økonomi. Det vil seie at vi må handle mykje med andre land. Dersom det er dårlege konjunkturar i land vi eksporterer varer til, kan eksportindustrien hos oss få
vanskar og må kanskje seie opp folk. På same måten kan norske bedrifter og heile bransjar få problem dersom billige utanlandske varer strøymer inn over landegrensene. 

Tilrå
12

Oppgåver

Praktisk stoff

Fagleg

Fordjupingsstoff for

Yrkesrelevant stoff for

Tverrfagleg relatert

Andre ressursar

Frå NyGiv

Brukast i

Oppgåver frå deling.ndla.no

Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve