Hopp til innhald

Fagstoff

KFK-modellen: Å velje ut og presentere ein idé

Når du har gjennomgått ein grundig idémyldringsfase, sit du att med mange gode, og nokre mindre gode, idéar. Då er det på tide å rydde opp, eller jobben som i mediebransjen blir kalla «kill your darlings». Etterpå må du setje produktet saman til noko du kan presentere for oppdragsgivaren din.

«Kill your darlings»

I den tredje fasen handlar det om å rydde opp i idéarbeidet. Her må du tenkje over det du lærte i kundemøta i fase 1, og samanhalde det med idéane du fekk i fase 2. Sjølv om du har komme på idéar du sjølv likar veldig godt, kan det vere at du må leggje dei bort viss dei ikkje fører deg til kunden sitt mål. Tenk på kva kunden ønskjer, hugs at det er kunden som er avsendaren av bodskapen.

Presenter idéen for kunden

Når du er trygg på at du har ein idé som hjelper kunden å nå målet sitt, er det på tide å gå i gang med å setje produktet saman. Det inneber at du må lage ein pitch, altså eit lite samandrag som fortel kva du skal lage. Det er naudsynt for at kunden og dei som skal vere med i produksjonen av medieproduktet, skal kunne sjå føre seg korleis det ferdige resultatet skal bli.

Meir om pitch

Eit anna uttrykk som blir brukt i denne fasen, er pilot, ein slags prøvefilm som kan testast på kunden og publikum. Ei prosjektskisse som forklarer kva du skal lage, kan også vere til hjelp.

CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe og Martin Aune Walther.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Idéarbeid og kreativitet