Hopp til innhald

Fagstoff

Kaffi og helse

Ein god kopp kaffi er ein fin oppkvikkar. Kaffi gir deg høvet til å ta ein pause, gjerne med gode venner. I tillegg til å vere ein populær drikk i sosiale lag er kaffien den perfekte avslutninga på eit godt måltid.
Ein ung mann og ei ung dame nyt ein kopp kaffi på ein kafé. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis påverkar kaffien deg?

Kaffebønner. Foto.

Vi legg stadig meir vekt på korleis kosthaldet vårt påverkar helse og velvære, og i massemedia florerer fakta og feilinformasjon om kvarandre. Som så mange andre mat- og drikkevarer har verknaden av kaffi og koffein blitt studert for å finne ut kva han kan ha å seie for helsa vår. Alt i alt viser funna frå tusenvis av studiar at eit moderat kaffiinntak er trygt. Forsking har vist at mykje av uroa rundt kaffi og helse er grunnlaus så lenge kaffien er filtrert. Han kan til og med gi oss fleire fordelar!

Du blir meir årvaken og uthaldande

Trøtt ung mann. Foto.

Dei gode nyheitene om kaffi og helse er kaffien si evne til å skjerpe merksemda og konsentrasjonen vår. Kaffien hjelper deg å tenkje klarare, og han styrkjer minnet. Ein kaffipause kan mellom anna hjelpe deg å vere årvaken gjennom ein lang biltur. I simulator har ein fått demonstrert at dei som fekk servert "vanleg" kaffi før kjøring, gjorde færre feil enn dei som fekk koffeinfri kaffi.

Studiar har vist at det å drikke sterk kaffi før ei krevjande fysisk prøve hjelper folk å halde ut lenger, og utmattinga kjem ikkje så fort. Det ser ut til at koffeinet i kaffien set fart på forbrenninga i kroppen, og dette gjer både den psykiske og fysiske innsatsen betre.

Astmaanfall

Koffein har lenge vore kjent som eit hjelpemiddel for astmatikarar. Mange pasientar opplever at eit jamt, moderat kaffiforbruk hjelper til med å redusere anfalla.


Nyre- og gallestein

Kaffidrikking har vist seg å førebyggje at det dannar seg nyrestein. Det er òg påvist at fire til fem koppar kaffi om dagen nesten halverer risikoen for å utvikle gallestein. Årsaka til redusert risiko ligg i koffeinet. Te eller andre drikkevarer med lågare koffeininnhald reduserer ikkje risikoen for gallestein.


Parkinsons sjukdom og Alzheimers demens

Sjansen for å utvikle Parkinsons sjukdom blir redusert når ein drikk meir kaffi. Tilsvarande synest risikoen for å utvikle Alzheimers demens å vere redusert når ein drikk kaffi regelbunde. Den gunstigaste verknaden får vi av tre til fem koppar om dagen.

Leverfunksjon

Norske studiar var mellom dei første til å vise at kaffidrikking har ein gunstig verknad på leverfunksjonen. Tre koppar om dagen nesten halverer risikoen for å få skrumplever.


Diabetes

Type 2-diabetes (aldersdiabetes) er eit aukande problem over heile verda. Dei siste åra har det komme rapportar frå ulike land som viser at kaffi kan redusere risikoen for denne sjukdommen.

Antioksidantar

Ein nytrakta kopp kaffi kan gjere meir enn berre å vekkje deg til liv om morgonen – han kan til og med hjelpe kroppen din med å kjempe mot sjukdom. Forskarar har identifisert fire gonger så mykje antioksidantar i kaffi som i grøn te. Antioksidantar kan redusere nivået av dei øydeleggjande frie radikala i kroppen og dermed verke beskyttande mot kreft og hjartesjukdommar.

Hugselappen

  • Studiar viser at eit moderat kaffiinntak er heilt trygt, dersom kaffien er filtrert.
  • Kaffi skjerpar konsentrasjonen vår og evna til å vere årvaken.
  • Kaffi kan førebyggje og redusere risikoen for mange sjukdommar.
CC BY-SARettshavar: Norsk Kaffeinformasjon
Sist fagleg oppdatert 13.05.2020

Læringsressursar

Kaffi