Hopp til innhald

Fagstoff

Brenne og male kaffibønner

Det å brenne kaffi er ein like stor kunst som å setje saman ei harmonisk blanding. Dersom kaffien blir brend for lite, blir smaken rå og emmen. Blir han brend for lenge, kan smaken bli stram og bitter. Det å brenne kaffien svært mørkt kan òg vere eit "triks" for å skjule ein dårleg kaffikvalitet.
I framgrunnen blir kaffibønner malne i ei stor maskin. I bakgrunnen står to menn med lange forklede og jobbar med andre delar av kaffiprosessen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kaffibønner i krukker av glas og i eit pappkrus som har velta. Foto.

Lys brenning får fram det syrlege i kaffien og dei spennande, fruktige smakskomponentane. Mørk brenning gir meir søtleik, men òg meir bitterheit og lite syrleg smak. Ved mørk brenning mister kaffisortane dei særeigne smakskarakteristikkane sine.

Kaffien blir malen

Når kaffien blir malen til små partiklar, blir overflata større, og vatnet trengjer raskare inn i kvart einskild kaffikorn. Dess finare bønnene er malne, dess kortare tid bruker vatnet på å trekkje ut stoffa. Kaffien blir malen, eller rettare sagt kutta, i store industrikverner med knivskarpe riller. Kverna blir justert heilt nøyaktig til den malingsgraden som er sat.

Mange forskjellige kaffibønner og kopper med ulike kaffitypar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hugselappen

  • Kaffi blir brend i ulike gradar avhengig av kva smak ein ønskjer å få fram.
  • Dess finare malen ein kaffi er, dess kortare tid bruker vatnet på å trekkje ut stoffa.
CC BY-SARettshavar: Norsk Kaffeinformasjon
Sist fagleg oppdatert 28.05.2020

Læringsressursar

Kaffi