Hopp til innhald

Fagstoff

Utanriks- og forsvarspolitikk

Dei første etterkrigsåra ønskte Noreg å vere ein aktiv medspelar i FN og ein såkalla brubyggar mellom aust og vest. Etter kvert vart likevel fleirtalet på Stortinget overtydd om at norsk sikkerheit var avhengig av forsvarssamarbeid i Vesten, og at Noreg burde bli medlem i Nato.
Mann med dress og slips sit ved eit skrivebord med ark i hendene og ei klubbe ved sida av seg. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brubyggar og Dei sameinte nasjonane

Noreg forsøkte dei første etterkrigsåra å manøvrere i det nye utanrikspolitiske landskapet. I utgangspunktet håpa mange at FN kunne gi den nødvendige sikkerheita, gjennom kollektiv sikkerheit leidd av dei fem stormaktene i verda. At utanriksministeren for Londonregjeringa, Trygve Lie (1946–1953), vart vald til FNs første generalsekretær, styrkte trua på at FN kunne sikre freden. Som næraste nabo og i frykt for å provosere Sovjetunionen heldt Noreg dei første etterkrigsåra fram "brubyggarpolitikken" sin i forsøket på å halde ved lag eit godt forhold til den mektige supermakta i aust.

Nøytralitetspolitikken blir utfordra

Andre verdskrigen hadde likevel gjort den utsette strategiske stillinga Noreg hadde, synleg. Norsk nøytralitet hadde vore basert på støtte frå britane, men lærdommen frå krigen viste at landet no trong eit organisert samarbeid med andre statar for å sikre uavhengnad.

Utviklinga av den kalde krigen framskunda det norske behovet for forsvarspolitisk samarbeid med andre land. I takt med tilspissinga av den ideologiske konflikten mellom aust og vest og utviklinga av jernteppet gjennom Europa, måtte Noreg gi opp den tradisjonelle nøytralitetspolitikken sin. I første omgang vart det teke initiativ til eit nordisk forsvarssamarbeid, men dette prosjektet stranda raskt som følge av at svenskane ønskte å halde fram sin utanrikspolitiske nøytralitetspolitikk.

Trass i at kommunistane i Noreg hadde bidrege til motstandskampen under krigen, og at NKP gjorde det sterkt ved det første frie valet hausten 1945, vart partiet i takt med utviklinga av den kalde krigen sett på med aukande skepsis. Det endelege oppgjeret innanfor arbeidarrørsla vart teke av Einar Gerhardsen og leiinga i Arbeidarpartiet under "Kråkerøytalen" i 1948. NKP vart erklært som ein trugsel mot demokratiet.

I utdrag frå den offisielle versjonen heiter det:

(…) Hendingene i Tsjekkoslovakia har hos de fleste nordmenn ikke bare vakt sorg og harme – men også angst og uhyggestemning. Problemet for Norge er, så vidt jeg kan se, i første rekke et innenrikspolitisk problem. Det som kan true det norske folkets frihet og demokrati – det er den fare som det norske kommunistpartiet til enhver tid representerer. Den viktigste oppgaven i kampen for Norges selvstendighet, for demokratiet og rettssikkerheten er å redusere kommunistpartiet og kommunistenes innflytelse mest mulig.

(Pharo, 2015)

Tvilte seg fram til Nato-medlemskap

Det fanst ei brei oppfatning blant dei borgarlege partia om at Noreg måtte bli ein del av Nato-samarbeidet som vart etablert i 1949. Innanfor Arbeidarpartiet fanst det ein del skepsis mot eit slikt forsvarssamarbeid, men på landsmøtet i 1949 greidde leiinga i partiet å overtale delegatane til å gå inn for ein norsk Nato-medlemskap. I kjend partidisiplinstil bestemte derfor landsmøtet at Arbeidarpartiet var for ein norsk medlemskap i Nato.

Nato-motstand og kampen mot atomvåpen

Demonstrasjonstog med mange menneske både i toget og ved sida av. To menn ber eit banner med teksten "Ingen atomvåpen på norsk jord". Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nato-motstandarane i partiet valde i første omgang ikkje kamp, for å hindre ei splitting i partiet. Men Nato-motstandarane fanst framleis i arbeidarrørsla. I siste halvdel av 50-talet vart avisa Orientering ein viktig arena for Nato-motstanden i partiet, i tillegg til motstand mot atomvåpen. I 1961 stifta dei partiet Sosialistisk Folkeparti og vann to stortingsplassar ved valet same år.

Kampen mot atomvåpen fekk oppslutning i den norske befolkninga og resulterte i basepolitikken i 60-åra. Dette innebar ei erklæring av at Noreg ikkje ville opne utanlandske militære basar og utplassere atomvåpen på norsk jord i fredstid.

Kjelder

Lange, E. (2015, 25. november, endra 2020, 5. november). NATO-medlemskap og blokkpolitikk. Norgeshistorie. https://www.norgeshistorie.no/velferdsstat-og-vestvending/1814-NATO-medlemskap-og-blokkpolitikk.html

Pharo, H. Ø. (2018, 9. april, endra 2020, 5. november). Kråkerøytalen. Norgeshistorie. https://www.norgeshistorie.no/velferdsstat-og-vestvending/1823_krakeroytalen.html

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jan Erik Auen.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2022

Læringsressursar

Norsk etterkrigstid og oljealder