Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Når får du gode idéar?

Vi kan komme på gode idéar på uventa stader og tidspunkt. Finst det noko mønster i når og kvar du kjem på gode idéar?
To unge gutar syklar langs enga inne i ein skog. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskusjonsoppgåve

Bruk nokre minutt på å skrive ned stikkord knytte til erfaringar du har med kreativitet og idéskaping. Diskuter så desse spørsmåla i grupper:

  • Når hadde du sist ein god idé?
  • Når gjennomførte du ein god idé?
  • Kven jobba du saman med?
  • Kven syntest idéen var god?
  • Kvar kom idéen frå?
  • Kvar var du då du fekk idéen?
  • Kva var det naudsynt å gjere for å kunne gjennomføre han?
  • Kva kan ein gjere for å komme på gode idéar?
CC BY-SASkrive av Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Drive ungdomsbedrift