Hopp til innhald

Spelefilm

Life

Hollywoodstjerna James Dean døydde i ei tragisk bilulykke i 1955, berre 24 år gammal. Eit halvt år før ulykka tok fotograf Dennis Stock ein serie ikoniske fotografiar av Dean for Life Magazine.

Handling

Handlinga i filmen utspelar seg i 1955. Den unge, kjekke og opprørske skodespelarkometen James Dean kjem i prat med fotografen Dennis Stock på ein kjendisfest i Los Angeles. Stock får ei kjensle av at Dean kan komme til å gjere det stort i Hollywood. Han foreslår derfor for Dean at han kan ta bilete av han til eit fotoessay.

James Dean verkar ikkje så interessert i å bli fotografert. Etter mange forsøk på å overtale Dean, følgjer Stock til slutt etter han til New York. Dei to bestemmer seg for å reise til Indiana, tilbake til Deans barndomsheim.

Fotoessayet "Moody New Star" blir publisert i Life Magazine i mars 1955. Mange av dei ikoniske bileta vi kjenner av James Dean, er henta frå bileta til Dennis Stock.

James Dean

James Deans store gjennombrot som skodespelar var med filmen Øst for Eden (1955). Som ung og lovande skodespelar rakk Dean berre å spele i tre større filmproduksjonar.

Han døydde i ei bilulykke 30. september 1955, i ein alder av 24 år. Etter at han døydde blei han gjenstand for ei enorm idoldyrking.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 24.08.2020

Læringsressursar

Filmhistorie