Hopp til innhald

Spelefilm

Die Welle

Die Welle er ein tysk spelefilm regissert av Dennis Gansel. Filmen er ei nyinnspeling av The Wave frå 1981. Bli med inn i eit klasserom der læraren gjennomfører eit eksperiment som får uventa og alvorlege konsekvensar.

Om filmen

Die Welle er ein moderne versjon av Alex Grasshoffs The Wave frå 1981, som mange av lærarane i dag fekk oppleve då dei sjølv gjekk på ungdomsskulen.

Begge filmane er baserte på historielærar Ron Jones sitt omstridde sosiale eksperiment "The Third Wave", som fann stad i ein historieklasse i California i 1967.

I Die Welle ser ein fordelar, men også dei store konsekvensane ein får ved totalitarisme. Det er sterke scener mot slutten av filmen. Derfor har filmen 15-årsgrense.

Handling

Den rocka læraren Rainer Wenger kjem til ein vanleg tysk vidaregåande skule og er klar for å ha temaveke i historie. Han må litt motvillig undervise i temaet autokrati og startar derfor eit eksperiment i klassen.

Kan ein oppleve eit nytt diktatur i dag? spør læraren, og svar som “Aldri livet” og “Vi er for opplyste” blir gjentekne blant elevane. Etter ei avstemming blir Wenger leiar for gruppa mens eksperimentet pågår. Han startar med å innføre nokre enkle reglar som alle må følgje.

I løpet av veka gjer Wenger endringar i klassen. Små, ubetydelege endringar tenkjer ein kanskje først, men etter kvart påverkar disiplinen og fellesskapskjensla dei alle. Gruppa går med kvite skjorter, og dei kallar seg Bølgja. Dei får si eiga helsing, og etter kort tid blir alle som ikkje vil følgje idéane og endringane ein felles fiende.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Trugslar mot demokratiet