Hopp til innhald

Fagstoff

Organisering av innhald på ei nettside

Kva innhald har du skaffa, og korleis skal du organisere det i nettstrukturen? Det vil ofte vere naudsynt å lage ulike oppsett for ulike typar innhald, sjølv om hovudmalen er lik på alle sider.
To skisser som viser ulik måter for organsiering av innhaldselement på ei nettside. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Førstesida på ein nettstad vil ofte innehalde desse elementa:

  • banner med logo
  • menylinje
  • bilete, biletserie eller video som skapar ei stemning eller ei kjensle, og som set kjernen i tema for nettstaden
  • korte presentasjonar av hovudinnhaldet i form av bilete og tekst, eller ein nyheitsstraum, avhengig av sjanger
  • eit område for kontaktinformasjon eller annan informasjon om nettstaden

Det er vanleg å planleggje at innhaldet skal kunne fungere i fleire format. Nettstaden skal gi like god brukaroppleving på ein dataskjerm, eit nettbrett og ein mobiltelefon.

To ruter med små grå boksar og ein stor firkant med eit kryss i inni. Den største ruta har datamaskin-storlek, og den minste har storlek som ein mobilskjerm. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På nettsider lenger ned i strukturen er gjerne oppsettet av elementa tilpassa innhaldet. Då vil det vere naudsynt å lage ulike oppsett. Du har ein tittel, ein tekstblokk om gjeldande tema, eventuelt med undertitlar, og eit bilete som illustrerer innhaldet i teksten. Alternativt kan det vere lister over innhald, rutenettvising eller tilrettelegging for vising av video.

Innbygging av innhaldselement

Gode bilete, interessante videoar og godt skrivne tekstar styrkar truverdet til ein nettstad. Nettstader bruker veldig ofte ressursar utanfrå. Video kan bli henta inn på nettstaden frå andre nettstader som har spesialisert seg på dette, slik som YouTube og Vimeo. Vi kallar det for innbygg eller på engelsk embed. Også kart og lysbiletvisinger kan byggjast inn på nettsida.

Konvensjonar for organisering av innhald

  • Informasjon på ulike hierarkiske nivå treng ulikt detaljnivå og gjerne eigne skisser for oppsett av informasjon.
  • Det viktigaste stoffet bør få størst plass.
  • Informasjon av ulik type treng ulik utforming avhengig av type innhald på informasjonen.
  • Informasjon som består av tekst, bilete og/eller video treng ulik organisering avhengig av kva medietypar som er med.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017

Læringsressursar

Brukaroppleving og produksjon for nett