Hopp til innhald

Fagstoff

Struktur på nettsider

Du har sikkert opplevd å leite etter noko på ei nettside, men same kor du klikkar, finn du ikkje noko som opplagt skulle vore der. Ikkje noko kan vere meir irriterande enn det, nett då. Vi bør derfor følgje nokre prinsipp for struktur og organisering av innhald, når vi lagar nettsider.

Ei nettside kan sjå utruleg kul ut, og ho kan ha eit interessant innhald, men om du til dømes ikkje finn lenka til korleis du skal få kjøpt billettar til konserten du skal på til kvelden, ja, då verkar ikkje nettsida som ho skal.

Prinsipp for hierarkisk struktur

  • Dei viktigaste sidene skal øvst og til venstre i hierarkiet.
  • Dette gjeld alle sidene bortsett frå «Om ...», som oftast ligg heilt til høgre, eller nedst.
  • Det må vere samsvar mellom hovudmenyar og undermenyar i den hierarkiske strukturen.
  • Er det mykje informasjon som skal visast, er det vanleg med lister eller rutenettvisingar for det nedste nivået i hierarkiet.

Prinsipp for organisering av innhald

  • Informasjon på ulike hierarkiske nivå treng ulikt detaljnivå og gjerne eigne skisser for oppsett av informasjon.
  • Det viktigaste stoffet får størst plass.
  • Informasjon av ulik type treng ulik utforming avhengig av type innhald på informasjonen.
  • Informasjon som består av tekst, bilete og/eller video, treng ulik organisering avhengig av kva medietypar som er med.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 03.04.2017

Læringsressursar

Introduksjon til HTML og CSS