Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein etikett til eit syltetøyglas

Flaskeetikett med drueklasemotiv og ungarsk påskrift. Trykk
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Du skal lage ein etikett til syltetøyet «Jordbærsyltetøy». Bruk dei kontrastane du no har lært om. Det vil seie:
  • storleikskontrast
  • styrkekontrast
  • komplementærkontrast
  • formkontrast
  • (motivkontrast)

Du skal også bruke det du har lært om balanse.

Krav til oppgåva

  1. Storleik: breidde ca. 7 cm og høgde ca. 5 cm
  2. Form: oval eller rektangulær. Vurder om hjørna skal vere avrunda om du vel rektangulær.
  3. Tittel/namn: «Bestemors jordbærsyltetøy»
  4. Undertittel/slagord*: «Ein smak av barndommens sommar»
  5. Skrift: Vel ei skrift til tittel/namn som passar til føremålet. Bruk skrifttypen arial eller helvetica på undertittel/slagord.
  6. Bruk storleikskontrast mellom tittel/namn og undertittel.
  7. Vel farge på tittel/namn og bakgrunn. Fargane skal passe til produktet.
  8. Bruk styrkekontrast mellom bakgrunn og tekst.
  9. Finn eit bilete eller ein illustrasjon som du har rett til å bruke, og plasser det på etiketten.
  10. Bruk komplementærkontrast på ein detalj i etiketten.
  11. Bruk motivkontrast om det verkar naturleg.
  12. Lag eit utkast med symmetrisk komposisjon. Lag eit nytt utkast med asymmetrisk komposisjon. Vurder kva for komposisjon som passar best til føremålet.
  13. Vurder om det er balanse i likevekt og verkemiddel.

* Eit slagord blir ofte brukt i reklamesamanheng. Slagordet skal seie noko kort og slåande om produktet eller merkevara slik at det blir lettare å hugse verdiane det representerer.

Kilde: snl.no

Eigenvurdering

  • Kvar har du brukt dei ulike kontrastane i etiketten?
  • Bidreg kontrastane til at informasjonen er tydeleg?
  • Kan nokre av kontrastane fungere som rot, eller visuell støy?
  • Er designet ditt godt balansert?
CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Innføring i grafisk design