Hopp til innhald

Fagstoff

Kontrast i form og motiv

I tillegg til kontrastar i storleik og farge er det viktig å kjenne til kontrastar i form og motiv. Slike kontrastar kan du også bruke til å framheve det du ønsker skal få merksemd i designet ditt.

Formkontrast

Rutete bakgrunn med to ulike grønfargar. I øvre del av høgre side er det plassert ein grøn sirkel som tydelig viser formkontrast. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit sirkelrundt bilete vil skilje seg ut frå kvadratiske bilete. Forma skil seg frå dei andre bileta og er ein formkontrast. Ein skrifttype i "antikva" vil òg skilje seg frå ein "grotesk" skrifttype.

Tekst som viser forskjellen på antivaskrift  som har seriffar og grotesk skrift som ikke har seriffar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Motivkontrast

Motivkontrastar handlar om innhaldet i teksten, symbolet eller biletet i designet. Ved å bruke motivkontrast tydeleggjer du skilnader som er viktige å få fram, til dømes ung/gammal, varm/kald, glad/trist, natt/dag osb.

Ei stor hand som held ei lita babyhand. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Hestebein med raude rulleskøyter på hóvane. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2018

Læringsressursar

Innføring i grafisk design