Hopp til innhald

Fagstoff

Komposisjon i grafisk design

Ordet komposisjon tyder samansetjing, blanding. I mediedesign kan ein komposisjon bestå av fargar, tekstar, typografi, bilete og illustrasjonar.

Vi ønskjer å setje desse elementa saman på ein god måte slik at meininga kjem fram. Då må vi gjere val i designet som gjer nokre verkemiddel meir synlege enn andre. Viss alt blir like synleg, kan det bli rotete, og meininga forsvinn.

Derfor er det greitt å ha nokre prinsipp, eller reglar, å halde seg til. Desse prinsippa er til hjelp når vi skal lage for eksempel ein plakat, eit magasin, visittkort eller ei nettside. Kontrast, balanse, rørsle og einskap er komposisjonsprinsipp. Bruker du desse, er det lettare å lage gode grafiske design.

I YouTube-filmen The Principles of Design frå Art Heros kan du lære meir om ulike designprinsipp.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kari Roksvaag Rønning.
Sist fagleg oppdatert 07.05.2018

Læringsressursar

Innføring i grafisk design