Hopp til innhald

Fagstoff

Åtferd og eggproduksjon hos fjørfe

Til liks med andre fuglar formeirar fjørfe seg ved å leggje egg. Fjørfe som lever fritt i naturen, har spesielle periodar av året då hormonsystema gir signal om at no er det på tide å leggje egg og klekke ut eit nytt kull kyllingar.

Dei lagar enkle reir ved å grave ei grop i bakken og leggje i nokre enkle strå. Vanlegvis føretrekkjer dei å leggje reirplassen eit stykke unna dei andre i flokken, og særleg vekk frå der menneska ferdast. Dei legg gjerne ein serie på mellom ti og femten egg, eitt kvar dag.

Hos symjefuglane – ender og gjæser – er eggproduksjonen framleis basert på at dyra legg egg når dagane blir lange utover våren, og på at egga blir ruga på vanleg måte. Dei får då berre eitt kull om året, og det mest vanlege er at egga blir klekte og blir til kyllingar som blir alte opp for kjøtproduksjon. Derfor blir få egg frå and og gås nytta til mat.

Ruging

Ruginga startar først når heile serien med egg er ferdig lagd. Då ligg mora og varmar egga i 21 dagar til kyllingane blir klekte. Ho snur egga regelfast, slik at dei blir varma opp frå alle kantar. Moderne høner legg egg kontinuerleg, ikkje berre i periodar. Dei har likevel behalde trongen til å byggje enkle reir, og føretrekkjer å leggje egg i avlukke som er mest mogleg skjerma. Dette utnyttar vi for å få hønene til å verpe på spesielle plassar der det er enkelt for oss å samle opp egga før dei blir skitne. I moderne produksjon av høns går ruging og klekking føre seg i eigne maskiner der temperatur og fukt blir nøye regulert, og der egga blir snudde regelmessig.

Egget

Opne bilete i eit nytt vindauge

Egget må befruktast for at kyllingar skal utvikle seg. Det skjer når ei eggcelle er ferdig utvikla og skal ta til på ferda si gjennom eggleiaren og fram til kloakken, der egget kjem ut av høna. Undervegs gjennom eggleiaren blir plomma omgitt av kvite og av fleire ulike hinner, og til slutt det harde skalet. Skaldanninga er det leddet i denne prosessen som tek mest tid. Det tek minst 25 timar å produsere eit egg, slik at produktive høner kan leggja eitt egg nesten kvar dag, men ikkje fullt så ofte.

Eit egg skal innehalde alt eit kyllingfoster treng av næring frå det forlèt ovariet og til kyllingen er klekt. Det vil for fjørfei seie 1 pluss 21 døgn. I denne perioden får fosteret tilførsel av varme frå mora, men elles er utvekslinga med omgivnadene avgrensa til at oksygen, karbondioksid og vassdamp passerer gjennom skalet.

For å sikra ei effektiv utnytting av ressursane må nista vere tilstrekkeleg, men sjølvsagt heller ikkje for stor – og fosteret må kunna fordøya og utnytta all næringa. Når kyllingar vert klekte, er det berre skalet og nokre skalhinner til overs – alt anna er utnytta. Litt av plomma er framleis med i det vi kallar plommesekken, som ei lita ekstraniste som kyllingen lever av det første døgnet.

Kyllingar

Nyklekte kyllingar er utvikla fysiologisk, men dei treng høg temperatur og tørre, trekkfrie omgivnader dei første døgna etter klekking. Dei følgjer mora dei første dagane dersom dei får opphalde seg nær ho. Men dersom mora ikkje er der, kan kyllingar vennast til å følgje andre dyr – eller til og med ikkje-levande objekt.

Opne bilete i eit nytt vindauge

Spesialtilpassa hus

Fjørfe som blir nytta til kommersiell eggproduksjon eller kjøtproduksjon, blir haldne i spesialtilpassa hus og omgivnader der plass, underlag, strø, temperatur, luftfukt, daglengd og lysstyrke er regulert etter nøye skildra planar. Dei får ikkje røre seg fritt eller i dagslys i heile levetida si. I slike regulerte omgivnader er det viktig at vi er påpasselege med å leggje til rette for god dyrevelferd. Det gjer vi gjennom å sikre nok plass, rett temperatur og fukt og rimeleg gode høve for dyra til å utøva den naturlege åtferda si: mellom anna å danne hierarki, vagle og bade i støv. Samtidig må vi førebyggje og hindre kannibalisme og sjukdom.

Rekkjer med hønsebur i tre høgder. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver:

  • Kor mykje veg eit vanleg egg frå ei verpehøne, og kor stor del av det er skal, kvite og plomme?
  • Kva er dei viktigaste næringsstoffa i kvite og i plomme?
  • Det er forskjell på storleiken på egga som høna legg i byrjinga og i slutten av verpeperioden. Finn ut når hønene legg dei minste og dei største egga.

Hugselappen


Fjørfe har vore haldne som husdyr i generasjonar, men har behalde grunnleggjande trekk ved den naturlege åtferda.

Fjørfe legg egg. Egglegginga er styrt av hormon, som er påverka av daglengda.

Rugetida er 21 dagar til kyllingen er klekt. Egget inneheld alt eit kyllingfoster treng av næring, frå det forlèt ovariet og til kyllingen er klekt.

Vi skil mellom tre driftsformer for eggproduksjon:

  • frittgåande
  • miljøinnreiing
  • økologisk

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Torger Gjefsen.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2020

Læringsressursar

Fjørfe