Hopp til innhald

Fagstoff

Den journalistiske arbeidsprosessen

Research handlar om å setje seg inn i det temaet eller den saka intervjuet skal handle om. Bestem korleis du vil vinkle intervjuet. Vel rett intervjuobjekt. Formuler opne spørsmål og still oppfølgingsspørsmål.

Research

Research (undersøking) er ein viktig del av førebuinga til eit intervju. Set deg godt inn i det temaet eller den saka intervjuet skal handle om. Kva for fakta finst? Kva for problemstillingar er aktuelle? Kven meiner kva? Korleis kan ein rekne med at saka utviklar seg?

Deretter må du leite etter intervjuobjekt som kan kaste lys over saka. Det kan vere ein ekspert som veit spesielt mykje om temaet, ein person som meiner bestemte ting om temaet, eller ein person som har personlege erfaringar med temaet. Avtal intervjuet pr. telefon eller e-post på førehand. Då må du fortelje i kva samanheng intervjuet skal brukast, og kor det eventuelt skal publiserast.

Før du intervjuar ein person, bør du skaffe deg førehandskunnskapar om intervjuobjektet. Kva rolle har personen i den saka du skal kaste lys over? Kva for kunnskapar sit han eller ho inne med? Noter korleis namnet skal skrivast, og kva tittel personen har. Be intervjuobjektet bekrefte at det du har notert, er rett. Dersom du gjer lyd- eller videoopptak bør du også sjekke korleis namnet skal uttalast.

Vinkling

Ei sak har mange sider. Du må bestemme deg for kva for side dette intervjuet skal kaste lys over. Hald deg til den du har vald! Andre sider av saka kan du ta opp i ein annan samanheng. Førebu spørsmåla du vil stille. Tilpass dei slik at dei passar til den informasjonen du kan forvente at intervjuobjektet sit inne med. Det er ikkje noko poeng å stille vaktmeistaren spørsmål som berre rektor kan svare på.

Dei seks hjelpeorda til journalistane

Når du jobber som journalist, er det viktig å få fram fakta. Innan journalistikken snakkar vi derfor om «journalisten sine seks hjelpeord». Det er spørreorda kva, kven, kvar, når, korleis, kvifor.

Ein god tekst bør gi lesaren svar på desse spørsmåla:

  1. Kva har skjedd?
  2. Kven var involvert?
  3. Kvar skjedde det?
  4. Når skjedde det?
  5. Korleis skjedde det?
  6. Kvifor skjedde det?

Opne og lukka spørsmål

Eit lukka spørsmål har som regel ja eller nei som svar. Opne spørsmål er spørsmål som inviterer intervjuobjektet til å fortelje med eigne ord.

Tenk gjennom korleis du formulerer spørsmåla dine. Du vil som regel få mykje meir ut av eit ope spørsmål enn av eit lukka. I klippet frå NRK Skole illustrerer Sofie skilnaden på svara ein får når ein stiller :

  • Er det morosamt å jobbe i NRK Skole? (lukka spørsmål)
  • Korleis er det å jobbe i NRK Skole? (ope spørsmål)

Oppfølgingsspørsmål

Det er viktig å skrive ned dei spørsmåla ein har tenkt å stille, på førehand. Men av og til kjem intervjuobjektet med informasjon du ikkje hadde tenkt på då du førebudde intervjuet. Då må du vere klar til å stille spontane oppfølgingsspørsmål.

Dersom du får kjennskap til at to personar har vore utsette for ei ulykke, er det naturleg å følgje opp med eit spørsmål om det var fleire som var involvert. Dersom politiet opplyser at dei fekk melding om hendinga klokka 20, er det naturleg å følgje opp med eit spørsmål om når dei trur hendinga fann stad.

Den enklaste regelen for å komme på dei gode spørsmålsorda er å spørje om det du lurer på sjølv. Spør og grav til historia heng saman. Deretter må du ordne fakta slik at historia blir mest mogleg lettfatteleg for målgruppa.

Notatteknikk og ferdigstilling

Mange journalistar noterer stikkord frå intervjuet på ei blokk. Du kan også bruke ein lydopptakar som støtte for minnet. Dei fleste har ein slik funksjon på mobiltelefonen. Skriv ned eller rediger intervjuet som fort som råd etter at det er ferdig.

Nokre intervjuobjekt ønskjer å lese gjennom intervjuet før det går på trykk, eller sjå innslaget før det blir sendt. Det er vanleg å imøtekomme slike ønske når du tillegg ein person bestemte meiningar. Men hugs at intervjuobjektet ikkje kan ”ta tilbake” det han eller ho faktisk har sagt, og formulere det på nytt. Alle må stå for det dei seier i eit varsla intervju.

Tips!

Her finn du mellom anna tips til korleis du kan lage videointervju med mobiltelefonen: Hedvig tester ut journalisthåndboka i NRK skole

Svein Tore Bergestuen gir desse tipsa i artikkelen Klare spørsmål er halve jobben:

  • Still opne, nøytrale og presise spørsmål.
  • Spør om kven, kva, kvifor og korleis.
  • Lytt nøye og frigjer deg frå manus.
  • Spør om eksempel, detaljar og bilete.
  • Om du ikkje får svar – gjenta spørsmålet til du får svar.
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Ragnhild Risholt Kleppe.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Innføring i journalistikk