Hopp til innhald

Fagstoff

Tal, klokkeslett og tidsord på kinesisk

Dette er ei oversikt over tal, klokkeslett og tidsord på kinesisk.
Analoge klokker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tal

Talsystemet fungerer etter dette prinsippet: Talet 10 pluss tala 1–9 utgjer tala mellom 10 og 20. Eksempel:

11 = 10 + 1 ( shí + yī) = 十一 shíyī

Ein lagar intervalla 20, 30, 40 osv. ved at tala 2–9 blir sette framfor 10. Eksempel:

20 = 2 x 10 ( èr + shí) = 二十 èrshí

Det same prinsippet gjeld òg for 100 og 1000, men liǎng blir brukt i staden for èr:
两百 liǎngbǎi = 200 (også mogleg å seie 二百 èrbǎi, men sjeldnare)
两千 lǐangqiān = 2000

Tala på kinesisk med teikn og pinyin

Kinesisk skriftteikn

Pinyin

Arabisk tal

líng

0

1

èr

2

sān

3

4

5

liù

6

7

8

jiǔ

9

shí

10

bǎi

100

qiān

1000

Klokkeslett

fēn – minutt (heiter 分钟 fēnzhōng når vi snakkar om tal minutt, ikkje klokkeslett)
kè – kvarter
bàn – halv (time)
diǎn – klokke(slett) (点钟 diǎnzhōng)
chà – minus

Skal vi uttrykkje eit klokkeslett på kinesisk, seier vi talet 1–12, etterfølgt av diǎn( zhōng). Vanlegvis seier vi berre for eksempel 两点 liǎng diǎn – «kl. 14.00». Men 两点钟 liǎng diǎnzhōng tyder det same. (Merk at 点钟 diǎnzhōng berre kan brukast for heile klokkeslett. Har vi minutt, kvarter eller halvtimar i tillegg, bruker vi berre diǎn).

Skal vi uttrykkje kvart på eller over, seier vi dette:

两点一刻 liǎng diǎn yí kè 14.15
两点差一刻 liǎng diǎn chà yí kè 13.45

Vi ser at bruker vi chà, då blir talet på minutt / kvarteret trekt frå klokkeslettet det kjem etter (blir som regel brukt når klokka er mindre enn eit kvarter på eit gitt klokkeslett). Er det snakk om tid over eit (heilt) klokkeslett, seier vi berre minutt-talet etter dette heile klokkeslettet, eventuelt med talet líng – «null» – for «tomme einingar». Eksempel:

三点差七分 sān diǎn chà qī fēn 14.53
三点十八分 sān diǎn shíbā fen 15.18
三点零五分 sān diǎn líng wǔ fēn 15.05

Er det snakk om eit «halvt» klokkeslett, for eksempel kl. 14.30, kjem ordet for «halv», bàn, etter det heile klokkeslettet, for eksempel 两点半 liǎng diǎn bàn – kl. 14.30. Merk at framfor kè må vi bruke talet yī, medan vi aldri gjer dette med bàn. 三刻 sān kè – «tre kvarter» (altså kvart på) – og 四十五分 sìshíwǔ fēn blir brukt om kvarandre.

Hugs at på norsk seier vi «halv åtte» for kl. 19.30 og 07.30, medan på kinesisk plussar vi halvtimen på den føregåande timen: 七点半 qī diǎn bàn – «klokka sju OG ein halv» = klokka halv åtte. I så måte er den numeriske framstillinga for klokkeslett (f.eks. 19.00) meir illustrerande for kinesisk enn for norsk (f.eks. «halv åtte»).

Tidsord

Under er ei oversikt over dei mest grunnleggjande tidsorda på kinesisk. Tidsord er nomen som ofte fungerer adverbialt på kinesisk, det vil seie at dei blir plassert framfor verb og set ein spesifikk tidskontekst for verbhandlinga. Dei kan òg plasserast framfor subjektet (meir emfatisk) og legg då større vekt på tidspunktet for det påfølgjande predikatet enn sjølve handlinga. Her følgjer dei viktigaste uttrykka:

Dagar

-2

-1

0

1

2

qiántiān

zuótiān

jīntiān

míngtiān

hòutiān

i forgårs

i går

i dag

i morgon

i over- imorgon

前天

昨天

今天

明天

后天


Inndelingar av dagen

-2

-1

0

1

2

zǎoshang

shàngwǔ

zhōngwǔ

xiàwǔ

wǎnshang

morgon

formiddag

kl. 12.00

etter- middag

kveld

早上

上午

中午

下午

晚上

Vekedagar

Mon

Tirs

Ons

Tors

Fre

Laur

Sun

星期一

星期二

星期三

星期四

星期五

星期六

星期天

礼拜一

礼拜二

礼拜三

礼拜四

礼拜五

礼拜六

礼拜天

周一

周二

周三

周四

周五

周六

周日

Slik spør du kva dag det er:

星期几? Xīngqījǐ?
Eksempel: 今天(是)星期几? Jīntiān (shì) xīngqījǐ? – «Kva dag er det i dag?»

Og slik svarer du:

星期 __ 。 Xīngqī__.
Eksempel: 今天(是)星期三。 Jīntiān (shì) xīngqīsān. – «I dag er det onsdag.»

星期 xīngqī og 礼拜 lǐbài blir brukt om kvarandre. zhōu er meir bokleg og blir som regel brukt i tekst.

År og månader

Månader

I motsetning til på norsk eller engelsk, der vi har eigne namn på månadene, uttrykkjer vi desse på kinesisk enkelt ved å setje tala 1–12 framfor ordet for månad: yuè.

Eksempel:

一月, 二月, 三月 osv.

Skal vi uttrykkje ein dato, bruker vi orda hào (munnleg) eller rì (bokleg) etter talet for datoen i månaden, for eksempel 三月十四号 sān yuè shísì hào – «14. mars».

Slik spør du kva dato det er:

今天(是)几月几号?Jīntiān (shì) jǐ yuè jǐ hào? – «Kva dato er det i dag?»

Og slik svarer du:

今天(是)三月十四号。Jīntiān (shì) sān yuè sì hào – «I dag er det den 14. mars.»

Skal du spørje kva dag ein viss dato er, blir spørsmålet slik:

三月十四号是星期几? Sān yuè shísì hào shì xīngqījǐ? – «Kva vekedag er 14. mars?»

Svar:

三月十四号是星期一。 Sān yuè shísì hào shì xīngqīyī. – «Den 14. mars er ein måndag.»

Hugs òg at når vi snakkar om kalendermånader, bruker vi tala 1–12 rett framfor ordet for månad ( yuè), medan når vi snakkar om tal på månader, må vi ha målord, som når vi kvantifiserer eit typisk nomen (一个人 yí ge rén, osv.):

三月 sān yuè – «mars»:
我三月去中国。 Wǒ sān yuè qù Zhōngguó – «Eg reiser til Kina i mars.»


三个月 sān ge yuè – «tre månader»:
我三个月以后去中国。 Wǒ sān ge yuè yǐhòu qù Zhōngguó. – «Eg reiser til Kina om tre månader.»

År og årstal

Vi uttrykkjer årstal annleis på kinesisk enn på norsk. Året 1814 (attenfjorten) uttrykkjer vi for eksempel på kinesisk som «1-8-1-4-året» eller «ein-åtte-ein-fire-året» og kan skrivast på begge måtar under:

1. 1814(yī bā yī sì nián)
2. 一八一四年 (yī bā yī sì nián)

Hugs at ordet suì berre blir brukt for aldersår, ikkje for kalenderår. Snakkar vi om ei mengd år, bruker vi nián.

Merk at ordet for år/kalenderår – nián – også fungerer som eit målord. «Tre år» er derfor 三年 sān nián og aldri *三个年 sān ge nián. Det same gjeld for tiān – «dag».

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Øystein Krogh Visted.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2018

Læringsressursar

Leksjon 6: Tid