Hopp til innhald

Fagstoff

Attlegg til eng

Attlegg til eng vil seie at vi etablerer ny eng. Når vi sår ny eng, kallar vi det å så attlegg.
Graseng med skog i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Enga må fornyast

Ei eng består av fleirårige vekstar og kan haustast i nokre år før vi fornyar ho. Kor ofte vi må fornye enga, avheng av fleire forhold. Det kan vere ugras, behov for drenering eller at det har oppstått vinterskadar eller køyreskadar. Etter nokre år vil avlingsnivået gå ned. Artane i enga forandrar seg over tid, og etter nokre år gir kanskje ikkje enga lenger den mengda og typen fôr vi vil ha.

Skal vi så éin art eller frøblandingar?

I enga er det konkurranse om plass, vatn og næring. Det kan derfor vere bra å bruke ei blanding med fleire artar, fordi artane ofte utfyller kvarandre. Det er viktig å velje artar som utviklar seg omtrent likt og er haustingsklare på omtrent same tidspunkt. Ei mykje brukt blanding til slått består av timotei, engsvingel og raudkløver. Viss konkurranseevna til grasarten er stor, er det vanleg å bruke berre éin art, til dømes raigras, hundegras eller engrapp.

Frøblandingar

Når du skal velje frøblanding, er det fleire omsyn å ta. Du må ta omsyn til

  • kvar du bur (sør eller nord i landet, langs kysten eller i høgareliggande område)

  • bruksområde (skal du hauste enga, eller skal det vere beite)

Du bør velje ei frøblanding som er tilpassa klimaet i området der du bur, og til bruken. Dei ulike leverandørane har ulike blandingar. Vi kan òg lage blandingar sjølve av frø frå ulike artar.

Dekkvekst

Dekkvekst er ein vekst vi kan så saman med grasfrøet. Det er fleire artar vi kan bruke som dekkvekst:

  • korn (bygg/havre)

  • erter

  • raigras

  • grønfôrblandingar med korn, ertar og vikkar

Det er veldig vanleg å bruke korn som dekkvekst. Då kan vi velje å hauste kornet tidleg og bruke det som fôr, eller vi kan la det stå til det er modent og treske det.

Føremålet med dekkvekst er

  • å auke avlinga i attleggsåret. Vi får ei "ekstraavling" mens graset veks i botn.

  • å hindre oppslag av ugras. Dekkveksten spirer og veks raskare enn grasplantene og dekker jorda slik at ugraset ikkje kjem opp.

Ulempene med dekkvekst er

  • at vi kan få mindre avlingar frå enga i året etter attleggsåret fordi dekkveksten tok næring og lys frå grasplantene i attleggsåret.

  • at det kan oppstå problem med innhausting av dekkveksten om det blir fuktig.

Eng med ulike planter som gras og kløver. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Såing

Såmetodar og sådjupne

Vi skil mellom to såmetodar: breisåing og radsåing. Ved breisåing blir frøa spreidde jamt utover. Ved radsåing sår vi frøa i rader. Det er ulike såmaskiner for desse to metodane, og kva vi vel, kjem derfor litt an på kva type såmaskin vi har. Det blir hevda at breisåing er best i kampen mot visse typar ugras.

Gras- og kløverfrø er små og må såast grunt, sådjupne 0,5–1,0 cm. Bruker vi korn eller andre artar med relativt store frø som dekkvekst, sår vi desse 3–4 cm djupt.

Såmengde

Mengda såfrø kjem an på kva art vi skal så. Brukar vi ei ferdig frøblanding, finn vi såmengda på nettsidene til forhandlaren.

Såfrømengde

art/frøblanding

kg\daa

timotei2,0–3,0
engsvingel3,0
hundegras3,0–3,5
bladfaks4,0–5,0
strandrøyr3,0
timotei/kløver2,0–3,0
timotei/engsvingel2,0–3,0
timotei/engsvingel/raudkløver2,0–3,0
timotei / engsvingel / fleirårig raigras / raudkløver2,5–3,5
Traktor som sår. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Såtidpunkt

Vårattlegg er når vi sår ny eng om våren. Då utnyttar vi fukta i jorda, noko som gir god spiring. Vi kan òg så eng på sommaren etter ein førsteslått i den gamle enga, eller på hausten etter ein andre- eller tredjeslått. Såing på hausten blir kalla haustattlegg. Såtidpunktet må vi bestemme ut frå drifta på garden, og vi må først og fremst sørge for at vi har nok fôr til dyra gjennom vinterhalvåret.

Ugraskontroll

Førebyggande tiltak for å unngå ugras i den nye enga er:

  • god drenering

  • dekkvekst

  • haustsåing framfor vårsåing

Grøft med vatn. Det er eng på den eine sida av grøfta og mark med noko ugras på den andre sida. Landskap med høge fjell i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjemisk ugrasnedkjemping

Når førebyggande tiltak mot ugras ikkje er nok, kan vi setje inn direkte tiltak for å få bukt med ugraset med kjemiske plantevernmiddel. For å kunne gjere dette må vi gjennomføre eit kurs og bestå eksamen slik at vi får autorisasjon for kjøp og bruk av plantevernmiddel. Både økonomisk og for di eiga helse er det viktig med førebyggande tiltak slik at du unngår å ta i bruk kjemiske plantevernmiddel.

Gjødsling

Gjødsling til vårattlegg: 10 kg N/daa gjennom mineralgjødsel
eller 4 tonn husdyrgjødsel per dekar.

Gjødsling til haustattlegg: 6 kg N/daa.

Oppgåve: Hugsar du faguttrykka?

Hugsar du faguttrykka om attlegg? Flytt omgrepa i boksane til rett forklaring.

CC BY-SASkrive av Gjert-Are Valberg og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2023

Læringsressursar

Dyrking av eng og fôrvekstar