Oppgåve
Norsk og engelsk - venner for livet?
Sjanger, emne og formål
- Er teksten eit personleg essay eller eit saksessay? Grunngi svaret.
- Kva handlar teksten om? Beskriv emnet med éi setning.
- Kva er det forfattaren stiller seg kritisk til? Formuler kort.
Språklege verkemiddel
Forfattaren bruker mange ulike språklege verkemiddel for å konkretisere og gjere stoffet levande:
Biletbruk
Kjenner du igjen verkemidla i desse avsnitta frå teksten?
- "Norsk og engelsk - venner for livet?"
(Her har fortattaren kombinert to språklege verkemiddel.) - "...at jeg kan oppfattes som en slags språkets tante Sofie."
- "Når sluttet det norske språket å være kult? Våknet det bare opp en morgen og tenkte "Nei, nå snører jeg på meg tøflene, henger opp solnedgangselgen og setter meg til rette i stresslessen med en boks kamferdrops. Nå kan de andre få holde på - de er jo så mye freshere og hippere enn meg uansett.""
- "De nye ordene lå så godt i munnen. De smakte så søtt av tyggegummi og velstand at det føltes rent ellevilt å skulle bytte dem ut med noen trauste, norske som smakte granbar og furupanel."
Andre språklege verkemiddel
- Kva for verkemiddel bruker forfattaren for å skape ein dialog med lesaren?
- Finn du fleire språklege verkemiddel i teksten? Gi eksempel.
Grafiske verkemiddel
- Forfattaren bruker blant anna grafiske verkemiddel som kursivering og VERSALAR (store bokstavar). Kva oppnår ho med dette? Finn eksempel og forklar.
Komposisjon
- Kor lang er innleiinga?
- Og kvar er overgangen mellom hovuddel og avslutning i teksten?
- Korleis heng innleiing og avslutning saman? Og kva kallar vi denne typen komposisjon?
Kompetansemål
Andre ressursar
Frå NyGiv
Nøkkelord
Inngår i
Oppgåver frå deling.ndla.no
Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve
