Oppgåve
Kunsten å skrive
1. Ord og omgrep
Orda og uttrykka nedanfor er henta frå essayet. Lag ordforklaringar! Slå opp orda, høyr med klassekameratar eller spør læraren om hjelp.
- eit fenomen
- eit allment akseptert sjangersystem
- normer og konvensjonar
- kontroversiell
- lakei
- språkkodar
- minimalisme
- rokokko
- eit ramaskrik
- trivialisering
- nymfomann (nymfoman + mann)
- heimeleksikografi (heimelekse + leksikografi)
- multikulturell
- gemakk
- dynamikk
- artikkulant (artikkel + ...ant)
- hjerteressayist (hjerte + essayist)
2. Sjanger, emne og formål
- Er teksten eit personleg essay eller eit saksessay? Grunngi svaret.
- Kva emne handlar teksten om?
- Kva standpunkt er det forfattaren argumenterer for?
3. Argumentasjon
- Finn nokre av argumenta forfattaren bruker for å underbyggje standpunktet sitt.
- Han omtaler både lærarane og skolen fleire gonger i teksten. Kva synst han er positivt ved skolen, og hva oppfattar han som negativt?
4. Kjeldebruk
- Kva kjelder bruker han i essayet sitt (fagpersonar, bøker osv.)?
- Korleis skil kjeldebruken i dette essayet seg frå kjeldebruken som krevst i ein fagartikkel?
5. Skrivemåte
Forfattaren har delt opp teksten sin ved hjelp av undertitlar (deloverskrifter). Ei deloverskrift i ein saktekst skal normalt fortelje kort kva dei følgjande avsnitta handlar om, ho gir eit slags mini-samandrag.
- I denne teksten har forfattaren brukt deloverskrifter på ein litt uvanleg måte. Ta for deg kvar enkelt deloverskrift i teksten og forklar korleis ho belyser avsnitta ho høyrer saman med.
Forfattaren bruker blant anna ei rekkje substantiv-frasar med genitiv (eieform): det hellige skriftspråks gemakker, skjønnlitteraturens rokokkosnirklete, labyrintaktige omveier, osv. Denne uttrykksmåten er lite vanleg i nynorsk.
- Finn tre andre døme på denne typen substantivfrasar i teksten.
- Lag forslag til korleis desse tre frasane best kan setjast om til nynorsk.
Kompetansemål
Andre ressursar
Frå NyGiv
Nøkkelord
Inngår i
Oppgåver frå deling.ndla.no
Du kan bli den første som lagar ei oppgåve til denne sida
Lag oppgåve
