Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

PLS – praktisk arbeidsoppdrag

Du skal i dette læringsoppdraget kople opp ei styring til ein asynkron kortslutningsmotor. Motoren skal kunne skifte dreieretning og skal styrast ved hjelp av ein PLS – programmerbar logisk styring.
Industri-PLS med inngangar og utgangar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Læringsmål

Du skal i dette oppdraget lære om PLS-en, kva han kan brukast til, og korleis vi kan programmere og gjere funksjonar enklare.

Her skal du lære

  • kva ein PLS er, og korleis han blir brukt
  • ulike programmeringsspråk
  • å programmere
  • å lage tilordningsliste og bruke ho til programmering
  • å velje fargar på brytarar, signallamper og leiarar
  • styrestraumskjema for dreieretningsvendar med PLS
  • risikovurdering
  • sluttkontroll og dokumentasjon av anlegg med PLS

Praktisk arbeid

Motor driven av PLS. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arbeidsprosessen består av tre trinn. Trinn 1 er oppkopling og utgangspunkt for installasjonen. Trinn 2 er er programmering av PLS, og trinn 3 er sluttkontroll, funksjonstest og dokumentasjon av anlegget.

Trinn 1. Oppkopling

Risikovurdering er alltid første punkt i alle praktiske arbeid du utfører.

Deretter tek vi utgangspunkt i eit transportband som skal kunne køyrast i begge retningar. Transportbandet blir drive av ein trefasa asynkron kortslutningsmotor (-M1). Motoren får straum gjennom kontaktor (-Q1) når bandet går mot venstre, og gjennom (-Q2) når det går mot høgre.

  • Du treng eit styreskap med sikringar, to kontaktorar, motorvern, og dessutan brytarar og signallamper, og ein trefasa asynkronmotor for å gjennomføre dette arbeidsoppdraget.
  • I den relaterte artikkelen «Hovud- og styrestraumskjema» kan du lese meir om korleis anlegget ditt kan koplast. Det kan vere naudsynt å gjere enkelte tilpassingar ut frå kva slags utstyr du har tilgjengeleg på skulen din.

Trinn 2. Programmering av PLS og igangsetjing

Korleis PLS-en din skal programmerast, vil variere frå leverandør til leverandør. Som regel blir anten ladderdiagram eller funksjonsblokkdiagram brukt, men her må du altså tilpasse oppgåva di alt etter kva PLS-ar skulen din har tilgang på.

  • Fleire detaljar finn du i den relaterte artikkelen «Programmering for PLS».

Etter at du har skrive programmet, bør du simulere og teste det i programvara du brukar for å programmere. Dersom alt ser ut til å vere i orden, overfører du programmet til PLS-en, og du er klar for trinn 3.

Trinn 3. Sluttkontroll, funksjonstest og dokumentasjon

No må du gjennomføre sluttkontroll av anlegget før det kan setjast spenning på og dokumenterast.

  • Utfør visuell inspeksjon, og test alle koplingar.
  • Utfør kontinuitetsmåling og isolasjonstesting av anlegget ditt.
  • Set spenning på anlegget ditt, og gjennomfør funksjonstest.
  • Utarbeid komplett anleggsdokumentasjon. Det inneber relevante teikningar (hovud- og styrestraumskjema), tilordningsliste, utskrift av programmet du har laga, og samsvarserklæring.

Relatert innhald

Når vi programmerer for eit PLS-anlegg, kan vi lage eit ladderdiagram i ein programmeringsmodul. Dette overfører vi i ettertid til PLS-en.

CC BY-SASkrive av Bjørnar Mortensen Vik og Steinar Olsen.
Sist fagleg oppdatert 15.10.2020

Læringsressursar

Elektriske og automatiserte system