Hopp til innhald

Fagstoff

Jødisk mat

Jødane har reglar for kva for typar mat og drikke som er tillatne og ikkje tillatne. I Noreg kallar vi maten som oppfyller alle dei religiøse reglane i jødisk tru, for koshermat. Kosherreglane skildrar kva som er lov å ete.
Ein jødisk storfamilie rundt eit festbord med vatn og vin. Mange les i bøker på hebraisk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Reglar for kosthald

Korleis vi stiller oss til dei forboda og påboda som religion gir, varierer frå person til person. Dette gjeld òg reglar for kosthald. Ein finn derfor store variasjonar i kosthaldet til medlemmer av same religion.

Når du arbeider i restaurant- og matbransjen, har du behov for kunnskap slik at du kan legge til rette for at jødar får koshermat dersom dei ønsker det.

I kantina kan du kanskje kjøpe landgang med ost og skinke. Dette er mat som mange jødar ikkje ville velje, både fordi han inneheld svinekjøtt, og fordi det strid mot kosherreglane å ete kjøtt og mjølkeprodukt i same måltid.

Jødar har òg reglar for korleis maten skal lagast til. Reiskapar som blir brukte til kjøtt og mjølkeprodukt, skal ikkje vere borti kvarandre. Det inneber at ein har to sett av alt, eitt sett til kjøttmat og eitt for mjølkemat. Oppvasken går òg føre seg i to ulike oppvaskkummar.

Sabbat

I jødedommen er sabbaten ei høgtid kvar veke. Ordet kjem av det hebraiske ordet schabbath som tyder "å halde opp med" eller "kvile". Sabbaten strekker seg frå solnedgang fredag kveld til solnedgang laurdag kveld. Husmora velsignar og tenner sabbatslysa. Husfaren velsignar vinen og skjer sabbatsbrødet. Måltidsfellesskapen er heilag for ein jødisk familie. Husmora har svært mykje å seie når det gjeld å vareta jødiske skikkar. Etter tradisjonen sluttar sabbaten når tre stjerner viser seg på himmelen laurdag.

Eit tradisjonelt jødisk påskemåltid. På eit fat ligg det usyra brød, kylling, egg og salat. Til høgre ligg tekstsamlinga Haggada som blir nytta under påskemåltidet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kosherreglane

  • Alt som veks i jorda, mjølk og mjølkeprodukt frå tillatne dyr og egg frå tillatne fuglar er lov.
  • Pattedyr som er drøvtyggarar og har delte klauver, kan etast. Det kan dermed ikkje svin, hest og kamel.
  • Berre tradisjonelt oppdretta fuglar som høns, gjæser, ender, duer og kalkunar er lov. Rovfuglar er ikkje tillatne.
  • Både mjølke- og kjøttprodukt er lov, men må ikkje blandast.
  • Pattedyr og fuglar må vere slakta på jødisk vis (sjekting).
  • Berre fisk som har skjel og finnar, er kosher.
CC BY-NC-SASkrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 29.03.2023

Læringsressursar

Mat i ulike religionar