Hopp til innhald

Fagstoff

Fysisk aktivitet i barnehagen

Dei aller fleste barna går i barnehage. Barnehagen er derfor ein eigna plass til å innarbeide gode vanar for fysisk aktivitet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei aller fleste små barn er aktive og liker å bruke kroppen sin i ulike former for aktivitet. Det er forska lite på fysisk aktivitet i denne aldersgruppa, men det er naturleg å gå ut frå at aktivitetsnivået varierer også blant små barn.

Mykje tyder på at aktive foreldre får aktive barn. Barnehagen er ein arena for mange barn, og aktivitet i barnehagen kan gi barna gode vanar for å halde seg i fysisk aktivitet.

I barnehagen er leiken ein stor del av den fysiske aktiviteten. Når barn får leike, rører dei seg. Som vaksen bør du leggje til rette for at barna skal få leike, og du må hjelpe til så alle barna får vere med i leiken. Inne i barnehagen bør det vere rom som innbyr til ulik aktivitet. For eksempel kan eit puterom få barna til å utfalde seg med bygging, klatring og annan grovmotorisk leik. Har ein tilgang til ein gymsal, får barna høve til å springe, klatre og leike med ball.

Uteleik gir høve til andre aktivitetar enn inneleik. Barna får eit større rom å røre seg i, og der er det gjerne tre, små byggverk eller leikeapparat som innbyr til fysisk aktivitet. Å få prøve ut nye ting – og gjerne prøve ut grensene sine – er noko av det som gjer fysisk aktivitet moro for barna. Første skituren ned ein liten bakke kan vere skummel for eit lite barn, men med oppmuntring kan barnet etter kvart klare det og oppleve at det meistrar aktiviteten. Barn som ofte seier «eg tør ikkje» og «hjelp meg», bør oppfordrast til å prøve litt på eiga hand, slik at dei vinn over utryggleiken sin.

Noreg står i ei særstilling når det gjeld å ta barna med på tur i skog og mark. Dette er ei fin form for fysisk aktivitet som dei fleste barn har glede av.
Naturen byr på mange utfordringar når det gjeld å røre på seg, og er bra for den motoriske utviklinga til barnet. Det er mange spennande ting å vere oppteken av i naturen, og som barne- og ungdomsarbeidar må du ta del i opplevingane til barna der og då.
Barn vil gjerne ta på insekt, makk, blad, jord osv. Dei vil også lukte på blomstrar og kanskje putte ting i munnen. Som vaksen må vi lære barna korleis vi forvaltar naturen, samtidig som vi skal la opplevingane som barna har, og erfaringane deira, vere i sentrum. Det fremjar den sansemotoriske utviklinga og er viktig for både den psykiske og intellektuelle sida ved personlegdomsutviklinga. Det aukar også gleda og motivasjonen til å opphalde seg ute. Mens nokre barn er vane med å gå på tur med mor og far og derfor kjenner seg trygge, er det andre barn som ikkje er på tur utanom barnehagen.
Barn som ikkje har erfaring med å ferdast i naturen, treng ofte for meir hjelp og støtte på dei første turane. Du finn meir fagstoff om dette under friluftsliv.

Når du skal leggje til rette for fysisk aktivitet for små barn, må du ta utgangspunkt i utviklinga og føresetnadene til barnet. Til dømes er somme treåringar ganske flinke til å gå på ski, mens andre knapt klarer å stå oppreiste med ski på beina. Når dei får hjelp og ros, kan alle barn likevel oppleve aktiviteten som positiv.

Når du skal observere den motoriske utviklinga hos barnet, er det lettast når barnet er i fysisk aktivitet. Då kan du også observere korleis barna leikar saman, korleis dei bruker språket, kven dei leikar med, og kva dei leikar med.

Robuste barn veks på tre

Å vere i aktivitet ute heile året, i all slags vêr, er avgjerande for å halde på gleda over den naturen og det vêret vi faktisk har. Godt vêr er for barn alt vêr som dei kan bruke til noko, og glede seg over. Barn gler seg naturleg over vêr som vaksne gjerne ergrar seg over. Førestellinga om «dårleg vêr» er kulturavhengig og kan påverke negativt både livskvaliteten og kjensla av å høyre til ein stad. Noreg er det landet i verda som har størst del av arealet sitt nord for polarsirkelen. Då er det eit poeng at vi ikkje tek frå femåringen gleda over sludd, snø og is.

Kjelde: Friluftsrådenes Landsforbund

Klede og utstyr

Ofte er klede og utstyr viktig for å få gode opplevingar knytte til fysisk aktivitet. Kleda bør vere tilpassa årstida og vere gode å røre seg i. Barn gler seg mindre over ein aktivitet dersom dei frys eller kjenner at kjeledressen strammar, og det er gjerne like vanskeleg å vere i aktivitet når ein har for mykje klede på seg, som når ein har for lite.

Utstyret må vere sikkert og i god stand slik at du som vaksen kjenner deg trygg når barnet leikar. Du må vere førebudd på at barn kan dette og slå seg – ja, av og til skade seg – men det skal aldri skje på grunn av dårleg utstyr.

Barn med nedsett funksjonsevne

Inne- og uteområda må leggjast til rette slik at barn med funksjonshemmingar får høve til å delta i leik og aktivitet. Barn med funksjonshemmingar har eit like stort behov for fysisk aktivitet som andre barn. I enkelte tilfelle må desse barna i tillegg ha eige treningsopplegg som blir gjennomført i barnehagen.

Barne- og ungdomsarbeidaren er ein viktig rollemodell for barnet når det gjeld fysisk aktivitet. Les meir om dette på sida «Rollemodell – fysisk aktivitet».

Utfordringar til deg

Oppgåver til "Fysisk aktivitet i barnehage"
  1. Les kapittel 3.2 om kropp, rørsle og helse i rammeplanen for barnehagen. Ta notat. Diskuter korleis de vil bruke denne kunnskapen når de skal planleggje barnehageåret.
  2. På teikninga ser du barn som er kledde for ein tur ut. Diskuter det de ser på biletet og skriv deretter kvar dykkar fagtekst med med utgangspunkt i spørsmålet «Er klede viktige for fysisk aktivitet?». Gi respons på tekstane til kvarandre.
  3. På teikninga ser du også eit barn som ikkje ønskjer å gå ut. Kva ville du gjort i denne situasjonen?
  4. Korleis kan du leggje til rette for fysisk aktivitet i barnehagen?
  5. Kvifor er det viktig at barn i barnehagen er fysisk aktive?
Dine forslag til fysiske aktivitetar for 1-2 -åringar

Her kan du øve deg på å skildre korleis du vil aktivisere barn på eit bestemt alderstrinn og utviklingsområde. Hugs at du også skal fremme glede og lyst til å delta i fysiske aktivitetar. Du må gjerne slå saman fleire av ferdigheitene i ein og same aktiviteten.

DET BARNET MEISTRARDINE FORSLAG TIL FYSISKE AKTIVITETAR
stå åleine
gå breibeint med armane ut for å halde balansen, utan rotasjon i hofta og med flat fot utan å rulle i fotsteget
skifte retning og gå litt baklengs og sidelengs, etter kvart også stoppe og starte
gå med glede når nokon leier det i handa
setje seg på ein stol og på huk
stå på knea
reise seg med støtte frå mageleie
krabbe opp og ned trapper
klatre opp og ned av stolar og liknande
trille, gi og ta imot ein ball
sparke ein stor ball
gjere forsøk på å hoppe
skyve, bere og kaste leiker og andre gjenstandar
stable klossar og liknande oppå kvarandre
gjere ulike ting med to hender, handdominansen byrjar å vise seg (høgre- eller venstrehendt)
ete med skei

Kjelde: Kjell Arne Standal

Dine forslag til fysiske aktivitetar for 3-4-åringar

Her kan du øve deg på å skildre korleis du vil aktivisere barn på eit bestemt alderstrinn og utviklingsområde. Hugs at du også skal fremme glede og lyst til å delta i fysiske aktivitetar. Du må gjerne slå saman fleire av ferdigheitene i ein og same aktiviteten.

DET BARNET MEISTRARDINE FORSLAG TIL FYSISKE AKTIVITETAR
springe mykje og springe med svevefase
stå på eitt bein i kort tid (ca. 5 sekund)
stå og gå på tærne
sitje støtt
balansere på ein brei (ca. 5–10 cm) benk
klatre i tre, klatrestativ og liknande, men sjeldan utover den grensa det beherskar
hoppe langt (ca. 20–30 cm)
gå i trapper med høgre og venstre fot på annakvart trinn, utan støtte
etter kvart sykle på trehjulssykkel
stable høge tårn med klossar
så smått byrje å kle av seg
etter kvart halde ein blyant med pinsettgrep
bruke gaffel og helle i kopp

Kjelde: Kjell Arne Standal

Dine forslag til fysiske aktivitetar for 5-6-åringar

Her kan du øve deg på å skildre korleis du vil aktivisere barn på eit bestemt alderstrinn og utviklingsområde. Hugs at du også skal fremme glede og lyst til å delta i fysiske aktivitetar. Du må gjerne slå saman fleire av ferdigheitene i ein og same aktiviteten.

DET BARNET MEISTRARDINE FORSLAG TIL FYSISKE AKTIVITETAR
gå og springe velkoordinert
skifte rørsler raskt og sikkert
ta imot ein liten ball
hoppe strikk
kaste ball ved vektoverføring
stupe kråke
hoppe høgt med svikt
hinke «hoppsatrinn»
ta seg fram i ulendt terreng
sykle på tohjulssykkel
ake med auka fart og risiko
klippe etter ei linje
smørje på brødskiva
sy enkle sting og bruke noko verktøy

Kjelde: Kjell Arne Standal

Oppgåver til utemiljøet

Under finn du eksempel på kva som kjenneteiknar eit godt utemiljø. Oppgåva di er å konkretisere korleis eit utemiljø som har desse kjenneteikna, ser ut.

KJENNETEIKNDI SKILDRING AV UTEMILJØ SOM HAR DESSE KJENNETEIKNA
plass til mangfaldig og allsidig rørsleleik og aktivitet
kontakt med natur og høve til sanseopplevingar
rom for rolleleik og sosialt samspel mellom jenter og gutar, og mellom barn i forskjellig alder
plass til regelleik, spel og idrettsaktivitet
utstyr og materiell til byggjeleik (hytter o.l.)
skjerming til uforstyrra leik, utan innblanding og kontroll frå vaksne
høve til positive opplevingar knytte til ulike årstider og vêrforhold
høve til leik og aktivitetar for barn med forskjellige funksjonsnivå
skjerming slik at barna kan leike trygt
skjerming frå støy og anna forureining
mogleg med vaksenkontakt dersom barna ønskjer det

Kjelde: Kjell Arne Standal

Oppgåver til filmen «Digital barnehage»

Utfordringar til deg

  1. Kva er spesielt med denne leikeplassen?
  2. Kva kan barna lære her?
  3. Kva for ulike ferdigheiter må barna bruke?
  4. Kva tenkjer du om slike leikeplassar?
  5. Kvifor er det ei auka satsing på data i barnehagen, trur du?

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2017

Læringsressursar

Fysisk aktivitet