Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lotte Frisk

Denne tverrfaglege oppgavå tar føre seg sentrale kompetansemål i alle tre programfaga. Tidsplan og organisering tilsvarer tverrfagleg eksamen og kan variere noko frå fylke til fylke. Oppgåva er også aktuell for Vg1, men med enkelte tilpassingar.
Gymnastikk i park. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Casebeskriving

Lotte Frisk har stor tru på ein forretningsidé som fokuserer på sunt og næringsrikt kosthald, helse og livsstil. Ho ønskjer derfor å opne ei bedrift med dette som tema. Bedrifta skal heite «Sunn og Sporty», og skal tilby: sal av sunn mat, trening og velvære.

Lotte har funne eit ledig lokale i byen. Romma er fordelte på to etasjar. Første etasje er lys og triveleg med store vindauge og eit lite lagerrom. Andre etasje inneheld to rom, og det eine rommet er ein del større enn det andre. Lotte meiner lokalet eignar seg godt for nyetableringa, men lurer på korleis ho kan utnytte lokalet best mogleg. Ho meiner også at bedrifta hennar vil tiltrekkje seg mange kundar, da mange i dag er opptekne av god helse og livsstil.

Sunn mat og trening er også eit politisk satsingsområde. Det er derfor mogleg for nye bedrifter som har sunn mat og trening som tema, å søkje om økonomisk støtte i samband med etableringa.

Det er ein del konkurrentar i denne marknaden – både fysiske butikkar og netthandelsverksemd.

Lotte treng fleire tilsette med nødvendig kompetanse. Ho har sjølv kompetanse innan kosthald, ernæring og trening, men kan lite om det å drive ei bedrift.

Sidan Lotte ikkje har kompetanse innan marknadsføring og økonomi og heller ikkje veit noko om tryggleik i samband med oppstart og drift av butikk, leiger ho inn deg som ekstern konsulent for å hjelpe til med det.

Tverrfagleg heildagsprøve - Førebuingsdel

Hjelpemidler: Alle

Førebuingstid: 24 t.

Dag 1, førebuingsdagen:

  • Utdeling av case med oversikt over kompetansemål og vurderingskriterium.

Dag 2, eksamensdagen:

  • Du møter etter oppsatt tidsskjema og trekker ei oppgåve blant dei tre oppgåvesetta.
  • Du får 1,5 timer til å løyse dei konkrete oppdraga som oppgåvesettet inneheld.
  • Oppdraga er basert på utdelt case og kompetansemål som blei utlevert på førebuingsdagen (dag 1).
  • Etter 1,5 timers jobbing skal du inn til faglærar(ar) og sensor for å presentere arbeidet ditt.
  • Det er avsatt inntil 20 minutt til munnleg presentasjon og inntil 20 minutt til høyring/eksaminasjon.

Vurdering:

  • Casen danner grunnlaget for tre oppdrag som skal løysast på sjølve eksamensdagen. Aktuelle kompetansemål innanfor kvart programfag ligg vedlagt. Dei enkelte kompetansemåla er konkretiserte og nivådifferensierte.

Oppgåver - tverrfagleg heildagsprøve

Vedlagt følgjer to oppgåvesett som er sett saman av tre oppdrag kvar. Eleven skal trekkj'e eitt oppgåvesett og løyse alle tre oppdraga.

Oppgåvesett 1 - tverrfagleg eksamen
Oppgåvesett 2 - tverrfagleg eksamen

Filer

Filer

Denne heildagsprøva blei brukt som tverrfagleg eksamen på Vg2 Sal, service og tryggeleik på Ringerike vidaregåande skule i Buskerud mai 2013. Innhaldet er noko redigert og tilpassa oppsettet på NDLA.

Kompetansemål:

Konkretisering av læreplanmål for marknadsføring og sal

Filer

Konkretisering av læreplanmål for økonomi og administrasjon

Filer

Konkretisering av læreplanmål for tryggleik

Filer

Tankekart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Heidi Bukten og Tove Engesvik.
Sist fagleg oppdatert 15.05.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver