Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kalkylar i ei handelsbedrift

Her skal du jobbe med kalkyleutrekning i ei handelsbedrift og kanskje lære litt meir om prosentrekning samtidig.
Ei luksuriøs veske i raudt og gull og eit par matchande sko. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lengst nede på denne sida kan du laste ned utrekningane i form av eit rekneark.

Oppgåve – designarvesker

Du er sjef i eit motehus som importerer designarvesker frå Italia. Du importerer sjølv, og du har funne ut at du må leggje til 70 prosent på inntakskost for å dekkje dei indirekte kostnadene. Du ønskjer å få 60 prosent forteneste, og meirverdiavgifta er 25 prosent.


Bruk rekneark til å løyse oppgåvene.

  1. Ei veske kostar 2 350 kroner direkte frå produsenten i Italia. Kva priskalkuleringsmetode kan vi bruke for å finne salsprisen med meirverdiavgift?
  2. Rekn ut salsprisen med meirverdiavgift for veska.
  3. Set opp ein kalkyle for ei veske som kosta 1 750 kroner i innkjøp.
  4. Set opp ein kalkyle for ei veske som kosta 3 268 kroner i innkjøp.
  5. Kva er påslagstal, og korleis kan du finne påslagstalet?
  6. Bruk reknearket til å finne påslagstala for veskene du importerer. Kvifor er det same påslagstal for alle veskene?
  7. Forklar korleis du kan bruke vekstfaktor til å rekne ut sjølvkost ut ifrå inntakskost i desse oppgåvene.
  8. Rekn ut vekstfaktoren som vi kan bruke til å rekne oss direkte frå inntakskost til sjølvkost. Vis at det gir same tal for sjølvkost som før.
  9. Kan du bruke vekstfaktor til å rekne ut salspris utan meirverdiavgift og salspris med meirverdiavgift?
  10. Forklar korleis vi kan bruke tre vekstfaktorar til å rekne oss direkte frå inntakskost til salspris med meirverdiavgift.
  11. Gjer utrekninga som blir spesifisert i den førre oppgåva.
  12. Klarer du å gjette kva vi får til svar dersom vi multipliserer saman dei tre vekstfaktorane? Prøv, og samanlikn med svaret i oppgåve f. Kvifor blir det slik?
  13. Kor mange prosent har den totale auken vore frå inntakskost til salspris med meirverdiavgift? Forklar kvifor vi ikkje kan summere prosenttala for indirekte kostnader, forteneste og meirverdiavgift.

Relatert innhald

Løysing oppgåve a

Her er det opplyst om indirekte kostnader og forteneste. Då er det sjølvkostmetoden vi bruker.

Fasit oppgåve b, c og d

Salsprisen med meirverdiavgift for veskene blir høvesvis 7 990 kroner, 5 950 kroner og 11 111,20 kroner, ifølgje reknearket. Den siste prisen kan ein kanskje vurdere å setje til 10 950 kroner for å få han til å sjå ein del mindre ut utan at han er så mykje mindre enn reknearkprisen.

Løysing oppgåve e

Påslagstalet er det talet vi multipliserer inntakskost med for å kome direkte til salspris med meirverdiavgift. Vi kan derfor finne påslagstalet ved å rekne motsett, altså dele salspris med meirverdiavgift på inntakskost.

Løysing oppgåve f

Alle veskene får same påslagstal: 3,4. Det er fordi prosentane i oppgåva er dei same.

Løysing oppgåve g

Når vi reknar ut sjølvkost, legg vi 70 prosent indirekte kostnader til inntakskost. Sidan dei 70 prosentane blir rekna av inntakskost, betyr det at inntakskost aukar med 70 prosent. Då kan vi bruke vekstfaktoren ved ein auke på 70 prosent for å rekne ut sjølvkost direkte utan å rekne ut sjølve auken i kroner slik vi har gjort det i reknearket.

Løysing oppgåve h

Vekstfaktoren for ein auke på 70 prosent blir

1+70100=1,7

Vi testar ut vekstfaktoren på den første veska ved å multiplisere innkjøpsprisen med 1,7.

2 350 kroner·1,7=3 995 kroner

Dette er det same svaret som vi får for sjølvkost for den første veska.

Løysing oppgåve i

Ja, vi kan bruke vekstfaktor til å rekne oss vidare fram til salspris både utan og med meirverdiavgift. Det er fordi begge blir rekna ut ved at eit tal aukar med eit visst prosenttal. Sjølvkost aukar med 60 prosent (fortenesta) og blir til salspris utan meirverdiavgift. Salspris utan meirverdiavgift aukar med 25 prosent (meirverdiavgifta) til salspris med meirverdiavgift.

Løysing oppgåve j

Prisen har auka i tre omgangar frå inntakskost til pris med meirverdiavgift. Først har prisen auka med 70 prosent frå inntakskost til sjølvkost. Så har prisen auka med 60 prosent frå sjølvkost til salspris utan meirverdiavgift. Til slutt har prisen auka med 25 prosent frå salspris utan meirverdiavgift til salspris med meirverdiavgift. Kvar auke av prisen betyr at ein ny vekstfaktor skal multipliserast med inntakskost.

Løysing oppgåve k

Vekstfaktoren ved 70 prosent auke fann vi ut var 1,7 i oppgåve h. Tilsvarande vil vekstfaktoren ved 60 prosent auke (fortenesta) vere 1,6 og vekstfaktoren ved 25 prosent auke vere 1,25. Vi kan sjekke dette ved å setje inn i formelen for vekstfaktoren frå oppgåve h.

Heile reknestykket frå inntakskost direkte til salspris med meirverdiavgift blir

2 350 kroner·1,7·1,6·1,25=7 990 kroner

Løysing oppgåve l

Vi prøver å multiplisere saman vekstfaktorane.

1,7·1,6·1,25=3,4

Vi får det same som påslagstalet frå oppgåve f. Slik må det vere sidan påslagstalet er den faktoren vi multipliserer inntakskost med for å kome direkte til salsprisen med meirverdiavgift. Utrekninga i den førre oppgåva fortel oss dessutan at produktet av vekstfaktorane skal multipliserast med inntakskost. Det speler inga rolle kva tal vi multipliserer først i utrekninga.

Løysing oppgåve m

For å ta det siste spørsmålet først: Vi kan ikkje summere prosenttala fordi prosentane blir rekna av ulike tal.

Vi har ein total vekstfaktor, som er det same som påslagstalet, på 3,4. Spørsmålet blir: Kva prosent er det som gir ein vekstfaktor på 3,4? Det kan vi finne ut viss vi set opp formelen for vekstfaktor ved prosentvis auke og set den ukjende prosenten lik x. Vi får

1+x100 = 3,4                 Vi multipliserer alle ledd med fellesnemnaren.1·100+x100·100=3,4·100Vi forkortar og reknar ut.100+x=340x=340-100=240

Den totale auken er på 240 %.

Filer

CC BY-NC-SASkrive av Arvid Fjørtoft Feldhusen, Tone Hadler-Olsen og Bjarne Skurdal.
Sist fagleg oppdatert 31.01.2020

Læringsressursar

Priskalkulering og anbod