Hopp til innhald

Fagstoff

Celledeling

Alle levande organismar er bygde opp av celler. Når ein organisme veks, er det fordi cellene veks og deler seg slik at det blir stadig fleire celler. Når eincella organismar veks, slik som gjær og bakteriar, vil dei dele seg og bli til to atskilte celler som er heilt lik kvarandre.
Celledeling. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vanleg celledeling – mitose

Når ei celle deler seg, blir det danna to nye, identiske celler. Dei to nye cellene skal ha både mitokondriar, ribosom, cytoplasma og cellekjerne. Vi kallar gjerne den opprinnelege cella for morcelle og dei to nye for dotterceller. Fordi det er mange mitokondriar og ribosom i morcella, blir desse fordelte mellom dottercellene.

Men i morcella er det berre ein kjerne og inni han berre eitt sett med arvestoff. Før delinga må derfor morcella sørgje for å lage ein kopi av arvestoffet slik at det blir ein fullstendig versjon til begge dottercellene. I menneskekroppen er arvesoffet organisert i 46 kromosom, som blir kopiert om og om igjen når cellene deler seg for å bli fleire og for å erstatte celler som døyr.

Vekstfasen til cella

Når ei ny celle har oppstått, har ho ein jobb å gjere. Først må ho vekse opp til normal storleik. Ho startar det sjølvstendige livet sitt med færre mitokondriar og ribosom så ho må produsere fleire. Etter kvart som ho blir større, må cellemembranen også vekse. Alle stoffa som går med til dette, må cella produsere sjølv.

I tillegg har cella ei eller fleire oppgåver i kroppen. Viss det er ei betacelle i bukspyttkjertelen, skal ho produsere insulin. Ei celle i tarmveggen skal produsere fordøyingsenzym. Ei celle i huda skal utvikle fargepigment. For at alle desse prosessane skal fungere, må cella få tilført næringsstoff og oksygen, og ho må kvitte seg med avfallsstoff. Blodet transporterer stoff til og frå cella.

Delingsfasen til cella

Når cella skal dele seg, må arvestoffet kopierast slik at det blir eit sett til begge dottercellene som skal oppstå. Etter at kopieringa er ferdig, fordeler dei to setta med kromosom seg i kvar si side av cella, og morcellene blir avsnørt på midten. Dottercellene går så inn i ein ny vekstfase.

Produksjon av kjønnsceller – meiose

Kjønnsceller, egg- og sædceller, blir også danna ved celledeling. Denne celledelinga er forskjellig frå den vanlege celledelinga fordi dottercellene berre skal ha halvparten så mye arvestoff som morcella. I eggstokkane til kvinna og i testiklane til mannen finst spesialiserte morceller som deler seg på denne måten. Morcellene har 46 kromosom, og dottercellene, egg- og sædcellene, har 23 kromosom.

Når det skjer ei befrukting, smeltar to celler, egg- og sædcelle, saman, og den nye cella som blir danna, har 46 kromosom. Den befrukta eggcella blir kalla zygote, og ho byrjar straks å dele seg. I byrjinga er alle cellene like, men etter kvart spesialiserer dei seg. Nokre blir muskelceller, nokre hudceller og nokre blir til betaceller i bukspyttkjertelen.

Forenkla modell av mitose og meiose der mitosen endar opp med to kopiar av morcella, mens meiosen endar opp med fire kjønnsceller med halvt kromosomtal. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Arvestoffet styrer

Alt som skjer i cella, blir styrt av oppskrifta i arvestoffet. Arvestoffet har mange oppskrifter, og vi kallar dei gen. Eit kromosom er ein trådforma bit av arvestoff. Eit gen er ein bit av denne tråden. På eit kromosom er det altså mange gen.

Når ribosoma i cella skal produsere eit protein, blir oppskrifta på proteinet i cellekjernen henta før produksjonen startar. Sjølv om arvestoffet er likt i alle celler i kroppen, gjer cellene forskjellige ting. Dette er mogleg fordi nokre gen er slått på og nokre slått av. Kva for gen dette gjeld i ulike celler, blir avgjort av gen i samspel med forhold i omgivnadene til cella. Celler påverkar kvarandre. Det er og kodar i arvestoffet som styrer når cella skal byrje å dele seg.

CC BY-NC-SASkrive av Guri Bente Hårberg og Trine Merethe Paulsen.
Sist fagleg oppdatert 25.02.2020

Læringsressursar

Cella