Hopp til innhald

Dokumentarfilm

Dior and I

Dokumentarfilmen Dior and I (2014) tek oss med inn bak kulissene i motehuset Dior. Vi følgjer Dior sin nye sjefsdesignar Raf Simons, frå han har sin første arbeidsdag til han åtte veker seinare viser den første Dior-kolleksjonen sin.

Om filmen

Den belgiske motedesignaren Raf Simons skal begynne å jobbe for motehuset Dior. Simons, som tidlegare har vore designar for den minimalistiske Jill Sanders, skal no vere kunstnerisk leiar for den første haute-couture-kolleksjonen sin.

Haute couture er ei nemning for motehus som syr klede individuelt for kundane sine. Dior er eit av få motehus som framleis følgjer tradisjonen med haute couture og har eigne systover for dressar og kjolar.

Simons har kort tid på seg for å få ferdig kolleksjonen, som skal visast allereie om åtte veker. Det er forventa at Simons både klarer å følgje tradisjonen og stilen til Dior, på same tid som han skaper noko nytt og moderne. Filmen gir eit unikt innblikk i kvardagen, stresset, forventingane og det kreative arbeidet i moteverda.

Christian Dior

Den franske motedesignaren Christian Dior (1905–1957) er rekna som grunnleggjaren av motehuset Dior. Dior sin første kolleksjon, The New Look (1947), tok eit oppgjer med moten som hadde dominert under andre verdskrigen.

Dior teikna kvinner med former, smale skuldrer, smale midjer og store skjørt. Dette var byrjinga på den romantiske, feminine og ekstravagante stilen som Dior er kjend for, ein stil og ein tradisjon som Dior-designarar og syersker i dag framleis må vere tru mot.

CC BY-SASkrive av Tina Andersson. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Kommunikasjon