Hopp til innhald

Fagstoff

Lover og forskrifter

Som fagarbeidar i helse- og oppvekstsektoren må du kjenne til lovar og reglar som gjeld for arbeidet du utfører.
Eit pass med noregs riksvåpen på. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein lov?

Ein lov er den viktigaste rettskjelda for å løyse tvistar eller dømme etter ved straffbare forhold. Med tvist meiner vi ei usemje eller når noko er uklart. Det er Stortinget som vedtek lovar.

Domstolane brukar lovane. Det er tingretten som dømmer både i sivile saker og straffesaker. Ein dom i tingretten kan ankast til lagmannsrett eller høgsterett. Du kan lese meir om dette på sidene til samfunnsfag.

Kva er ei forskrift?

Lovar er gjerne ganske generelle. Derfor overlet Stortinget til forvaltningsapparatet å utdjupe innhaldet i ein lov. Forvaltningsapparatet kan vere eit departement eller eit direktoratet. Mange av forskriftene du møter som fagarbeidar, er gjevne av Kunnskapsdepartementet. Andre er gjevne av Helsedirektoratet.

Ei forskrift inneheld utfyllande reglar i forhold til teksten i sjølve loven. I praktisk arbeid brukar vi gjerne forskrifta når vi skal finne ut kva for reglar som gjeld. Alle forskrifter høyrer til ein lov. Vi seier at forskrifta er heimla i loven.

Vi skil mellom sentrale og lokale forskrifter. Lokale forskrifter vert vedtekne av til dømes kommunestyret i ein kommune.

Lovdata

Alle lovar og forskrifter som gjeld i Noreg, er tilgjengelege på www.lovdata.no. Desse sidene vert oppdaterte kvar gong regelverket vert endra eller nye reglar vert vedtekne. På sidene til lovdata kan du og finne informasjon om korleis lovverket vert bruka i rettssaker.

Les meir om lovar på Lovdata.no

Utfordringar til deg:

  1. Kva er ein lov?
  2. Kva er ei forskrift?
  3. Lag ei oversikt over dei viktigaste lovane som regulerar arbeidet i helse- og oppveksttenastene.
CC BY-SASkrive av Knut Kjartan Tørum.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2020

Læringsressursar

Lover og regelverk