Hopp til innhald

Fagstoff

Behandling av injeksjonsvatn

Vatn blir injisert i nærområdet til reservoaret for å oppretthalde trykket i den produserande formasjonen.
Injeksjonsbrønn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentralt i emnet:

  • vassinjeksjon
  • trykkstøtte til produserande formasjon
  • sjøvatn
  • reinsing

Injeksjonsvatn

Vatn må vanlegvis reinsast før det blir injisert. Injeksjonsvatn blir prosessert i eit eige reinseanlegg før det blir pumpa inn i brønnen. Injeksjonsvatn kan vere sjøvatn, produsert vatn og vatn frå eit vassreservoar. På norsk sokkel bruker ein vanlegvis sjøvatn. Vatnet som skal brukast til injeksjon, kan innehalde ein del uønskte komponentar som må fjernast før injeksjon: partiklar i løysning, korrosive og saltavleirande stoff og mikrobar.

Partiklar i løysning, som til dømes organisk materiale i sjøvatn, er uheldig då dei kan føre til plugging av formasjonen og redusere injeksjonsevna. Korrosive stoff er ulike gassar som blanda i vatn gir korrosjon: oksygen (O₂), karbondioksid (CO₂) og hydrogensulfid (H₂S).

Sjøvatn er metta med oksygen. Vatn frå eit vassreservoar og produsert vatn kan innehalde CO₂ og H₂S. Desse gassane vil føre til korrosjon i injeksjonsbrønnen og overflateutstyret.

Saltavleirande komponentar er ion i vatnet som dannar saltavleiringar (scale) i injektoren eller i reservoaret.

Mikrobar er spesielle bakteriar som kan introdusere eit surt miljø i reservoaret eller fremje slimvekst som kan resultere i plugging av filter.

Behandling av injeksjonsvatn

I eit reinseanlegg for injeksjonsvatn blir partiklar og oksygen fjerna, og vatnet blir behandla med kjemikaliar. Injeksjonsvatnet blir jamleg testa for å sjekke at vatnet møter dei fastsette krava.

Injeksjonsvatnet blir først grovfiltrert for å fjerne partiklar større enn 80 μm (mikrometer) og deretter finfiltrert for å fjerne partiklar heilt ned til 2−5 μm. I enkelte tilfelle blir injeksjonsvatnet berre grovfiltrert. Ved grovfiltrering bruker ein vanlegvis eitt filter, mens finfiltrering blir gjord med patronfilter.

Sjøvatn blir tilsett klor ved inntaket og blir eventuelt behandla med biocid for å hindre avleiring av biologisk materiale i prosessutstyr og injeksjonsbrønn. Oksygen blir fjerna frå sjøvatnet ved å senke trykket slik at damptrykket til oksygenet blir lågare enn damptrykket til vatnet, noko som resulterer i at oksygen kjem ut av løysning. Det blir ofte nytta ein vakuum-avgassar for dette. I tillegg bruker ein kjemikaliar for å fjerne oksygen frå vatnet.

Vatn frå vassreservoar og produsert vatn inneheld ikkje O₂. I dei tilfella der vassinjeksjon er basert på reservoarvatn, treng ein følgjeleg ikkje oksygenfjerning.

Skissa viser prosessen for behandling av injeksjonsvatn. Vatnet blir teke opp frå brønnen, behandla og pumpa ned att i formasjonen. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

CC BY-SASkrive av Jan Henrik Johnsen. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 29.06.2018

Læringsressursar

Øvre komplettering