Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Arbeid i høgda – prosjektoppgåve

Gjennom denne prosjektoppgåva kan du lære meir om planlegging av arbeid i høgda.
Utsikt frå botnen til toppen av boretårnet på ei oljeplattform. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsskildring

har automatiske sperrer som opnar og lukkar for å sikre røyr som er sett inn i bordet.

På det øvre fingerbordet i boretårnet er det fleire celler som er ute av drift. Dette gjer det vanskeleg å plassere og hente borerøyr frå (inn og ut av fingerbordet).

Boreavdelinga har fått ein godkjend stopp i operasjonen for å utbetre skadane. Det øvre fingerbordet er 25 meter over boredekknivå.

Oppgåve

  • Dann eit arbeidslag med driller, roughneck og tårnmann.
  • Analyser jobben. Kva skal til for å gjennomføre denne aktiviteten?
  • Kva omsyn må vi ta? Kva dokument skal fyllast ut? Kva sikringstiltak må setjast inn?
  • Fullfør planlegginga med utfylling av dei dokumenta som er naudsynlege.
  • Presenter i eit prejobbmøte (klassen) kva de har planlagt, og kva krav de innfrir i regelverket.
CC BY-SASkrive av Kenneth Ludvigsen. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 23.06.2021

Læringsressursar

HMS erfaringsoverføring