Hopp til innhald

Fagstoff

HMS i boremodulen

Sikkerheit i boremodulen er eit fokusområde for alle som har ansvar for operasjon og drift offshore. Boremodulen er eit relativt lite område, men det har høg aktivitet med store, tunge komponentar som er i bevegelse både horisontalt og vertikalt.

I boremodulen finn vi både boredekk, slamrom og pumperom. Alle områda er krevjande arbeidsplassar for dei som jobbar der. Pumperommet er eit støyområde, og slamrommet er eit risiko-område for fukt og varme, kjemisk reaksjon og allergiar.

På boredekk er det særleg fallande gjenstandar og klemfare på grunn av alle dei bevegelege komponentane som er utfordrande. Det er derfor eit eige regelverk for "raud sone" på boredekk og for arbeid med og på bevegeleg utstyr. Det er òg reglar for fjernoperert røyrhandteringsutstyr.

Analysar av arbeidsmiljø viser at dei fleste uhell og ulykker oppstår når reglane IKKJE blir følgde. Alle som skal jobbe offshore, treng derfor innsikt i kor viktig regelverk, prosedyrar og gode haldningar er i arbeidskvardagen.

Relatert innhald

Raud sone på boredekket er eit av dei beste sikringstiltak som er innførte for boredekksarbeidarar på norsk sokkel.

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 22.05.2017

Læringsressursar

HMS erfaringsoverføring