Hopp til innhald

Fagstoff

Trinn 2: fareanalyse

Fareanalysen er det første av sju HACCP-prinsipp. I fareanalysen skal de vurdere farar knytt til dei ulike matvarene de lagar, og finne ut kva for styringstiltak som er naudsynte for å kontrollere farane.
Grønsaker med eit fareskilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Trygg mat

På den måten får bedrifta og dei tilsette god oversikt over eigen matproduksjon og betre kontroll med at maten som blir servert, er trygg. Du må ha god kjennskap til produkta du lagar, og vite kva for farar som er forbunde med produkta og produksjonen.

HACCP-prinsipp 1: fareanalysen

Ein fareanalyse består av ulike delar:

  1. etablere HACCP-gruppe
  2. utforme produktskildring
  3. lage flytskjema
  4. identifisere farar og vurdere risiko
  5. finne førebyggjande tiltak

Nedanfor skildrar vi dei ulike delane i prinsipp 1.

1. HACCP-gruppe

Når de skal gjennomføre ein fareanalyse, bør de lage ei arbeidsgruppe for å gjere analysen. Gruppa bør ha kunnskap om

  • dei praktiske tilhøva i verksemda og det tekniske utstyret
  • kva for prosessar produktet skal igjennom
  • kva for farar som kan vere aktuelle for produktet, til dømes bakteriar eller kjemiske stoff
  • HACCP-prinsippa

2. Produktskildring

For å vite mest mogeleg om produkta de skal vurdere, må de skildre dei og kva for prosessar dei går gjennom. Mange produkt kan likne kvarandre, og det vil vere svært arbeidskrevjande å vurdere kvar einskild matrett, til dømes i ein restaurant. Det kan vere lurt å gruppere produkt som blir laga på om lag same måte.

Døme på produktgrupper

Kjøt og fisk – varmt

Varme supper/sausar

Salatar

Entrecôte

Fiskesuppe

Kyllingsalat

Kyllingsbryst

Lauksuppe

Cæsarsalat

Lammecarré

Peparsaus

Husets salat

Laksefilet

Hollandaisesaus

Sidesalat til varme rettar

Kveite

Rosmarinsaus

Produktskildringa bør innehalde

  • ingrediensane
  • prosessar produkta skal igjennom, til dømes koking, steiking, nedkjøling
  • haldbarheit og krav til lagringstemperatur
  • bruksrettleiing, til dømes om det må varmebehandlast før det blir ete
  • kven produkta er meint for, og særleg om produktet er meint for barn eller andre sårbare forbrukarar som eldre og sjuke

3. Flytskjema

For kvar produktgruppe bør de lage ei skildring av alle trinna i produksjonen. Dette kan de gjere ved å nytte eit flytskjema. Det er viktig at alle trinna blir skildra, og at trinna kjem i rett rekkjefølgje.

Døme på eit flytskjema:

Døme på eit flytskjema. Skjermdump.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I dette dømet på flytskjema ser vi alle trinn i produksjonen, frå vara kjem inn til lagring, tillaging, emballering og servering.

4. Identifisere og liste opp mogelege farar

I ein fareanalyse skal ein gjennomgå flytskjemaet systematisk. For kvart trinn må de vurdere kva for farar som kan oppstå. Det kan vere fleire farar på kvart trinn. Døme på farar i mat er bakteriar som kan vere til stades i råvarene og føre til sjukdom, eller framandlekamar som glasbitar som har kome over i maten.

Vi kan dele farane inn i desse kategoriane:

Biologiske farar
kan vere bakteriar, virus, parasittar og muggsopp
Kjemiske farar
kan vere ulike kjemiske stoff frå emballasje, vaskemiddel eller plantevernmiddel
Fysiske farar
til dømes glas, stein eller metallbitar
Allergen
kan vere nøtter, skaldyr, egg, mjølk og gluten i ei matvare som ikkje skal innehalde dette

Ein må sjå kvart trinn i flytskjemaet opp mot dei ulike farane. De må vurdere om faren

  • er til stades i råvarene
  • kan bli tilført produktet under lagring
  • kan vekse og utvikle seg i produktet
  • kan overleve eit behandlingstrinn, til dømes koking

For kvar einskild fare bør de òg skildre årsaka til faren. Døme på årsakene til ein fare er framvekst av sjukdomsframkallande bakteriar på grunn av for høg lagringstemperatur eller tilførsel av glas på grunn av eit øydelagt lysarmatur.

CC BY-SARettshavar: Mattilsynet
Sist fagleg oppdatert 07.09.2022

Læringsressursar

Internkontroll og HACCP