Hopp til innhald

Fagstoff

Isolering før arbeid med rørleg utstyr

Arbeid med og på rørleg utstyr krev forståing for kreftene som kan utløysast dersom det går gale. Ved å bruke prosedyrar og sjekkpunkt kan vi unngå skadar.
Ein boredekksarbeidar i raud drakt skal til å samle stålkablar i ein strips, slik at området blir ryddig og sikkert. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Respekt for store krefter

Det er svært strenge reglar for arbeid med rørleg utstyr. Rørleg utstyr er ofte hydrauliske og høgteknologiske maskiner med enorme krefter, til dømes og iron roughneck.

Mykje av utstyret kan opererast og kontrollerast med eit køyrepanel, som ikkje nødvendigvis er i nærleiken. Kjem nokon i vegen for denne typen utstyr, er det berre eit spørsmål om kor stor skaden på personen blir.

Om du følgjer prosedyrane som gjeld for arbeid med og på rørleg utstyr, er faren for at du blir skadd, mykje mindre.

Isolasjonssertifikat

Skal du jobbe med eller på rørleg utstyr, må du ha eit isolasjonssertifikat og i nokre tilfelle eit .

Eit isolasjonssertifikat er eit skjema som viser at det rørlege utstyret er teke ut av bruk. Det viser kva for system utstyret tilhøyrer, og kvar isoleringa startar og endar i forhold til resten. Isolasjonssertifikatet viser ventilar til trykk og brytarar eller kopling til elektrisk spenning. Det er to typar isolasjonssertifikat: lokalt og langvarig. Kva for eit sertifikat ein skal bruke, er avhengig av omfanget arbeidet har i samband med det rørlege utstyret.

Avisolering

Når arbeidet er ferdigstilt, skal utstyret setjast i drift att. Då må først alle ventilar, brytarar og koplingar setjast i riktig posisjon, og utstyret må testast. Dersom det er ok, kan det signerast ut. Då seier vi at utstyret er avisolert.

Lokalt isolasjonssertifikat

Om det er ein mindre arbeidsoperasjon som skal gjerast, fyller ein ut eit lokalt isolasjonssertifikat. Med eit lokalt isolasjonssertifikat må ein ikkje ha arbeidsløyve. Her stengjer ein styringssystemet, anten det er hydraulisk, elektrisk eller pneumatisk. Deretter prøvekøyrer ein utstyret for å vere sikker på at riktig stad er avstengd og klar til å starte arbeidet.

Døme på slike mindre arbeidsoperasjonar er dagleg/vekentleg vedlikehald som tek relativt kort tid, brot på hydraulikkslangar, skifte av dimensjonar på ymse utstyr eller generelt reinhald av utstyret. Slikt arbeid blir gjort utan stopp sidan ein ikkje er avhengig av så mange reservedelar. Arbeidet er òg av ein slik art at det kan avsluttast og ganske raskt om utstyret må takast i bruk. Når arbeidet er ferdig, er det viktig å avisolere utstyret og signere ut naudsynte papir.

Langvarig isolasjon av utstyr/område

Ein annan type arbeidsoperasjon der ein må ha både isolasjonssertifikat og arbeidsløyve, er arbeid der det kan vere behov for å ha utstyret avstengt i fleire dagar. Ein grunn til å ha utstyret avstengt (isolert) i fleire dagar kan vere at arbeidet er stort og tek tid.

Sidan slikt arbeid ofte kjem i konflikt med andre operasjonar om bord (boredekket), må det planleggjast slik at det kan gjerast med minst mogleg stans i framdrifta. I nokre tilfelle kan det vere at det ikkje er reservedelar om bord og ein må vente på det før ein kan ferdigstille jobben. Når ein stengjer av utstyr ved slike store jobbar, blir det gjort på same måte som med eit lokalt isolasjonssertifikat. Det blir òg prøvekøyrt for å sjå at riktig stad er avstengd (isolert). I tillegg skal styringssystemet vere fysisk avlåst med ein hengjelås som har eit nummer på seg. Nummer på hengjelåsen skal òg stå på isolasjonssertifikatet.

Når arbeidet er ferdigstilt, avisolerer ein utstyret, fjernar hengjelåsen og signerer ut naudsynte papir ut før utstyret kan takast i bruk att.

Alle prosedyrar og retningslinjer skal verke som for personell som jobbar på ein offshoreinstallasjon. Når ein overheld prosedyrar og retningslinjer, er det liten fare for at det oppstår skadar på materiell eller personar.

Relatert innhald



CC BY-SASkrive av Kenneth Ludvigsen. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 14.06.2021

Læringsressursar

HMS erfaringsoverføring