Hopp til innhald

Fagstoff

Førebyggjande tiltak mot fallande gjenstandar

Fallande gjenstandar utgjer ein stor sikkerheitsrisiko for arbeidstakarar. Analysar av hendingar har vist at årsakene til problema er mange og kompliserte: arbeidsprosessar, åtferd, design og mangelfull sikring av utstyret.
Ein arbeidar klatrar ved arbeid på ei oljeplattform i Nordsjøen. Nede på havet ligg ein supplybåt og ventar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentralt frå emnet

  • førebyggjande prosedyrar og rutinar

  • raud sone på boredekket

  • dobbelsikring av utstyr

  • sjekk av område

Førebygging i boremodulen

Førebygging av fallande gjenstandar er eit sentralt tema offshore. I boretårnet kan gjenstandar falle frå meir enn 40 meters høgd. Dei kan gjere skade på materiellet på boredekket, men først og fremst kan dei valde dødsfall om dei skulle treffe personar.

På boredekket er det laga ei raud sone, der faren for fallande gjenstandar og å kome i klem er størst. Å ha ei raud sone er eit tiltak for å unngå at nokon blir treft av fallande gjenstandar. Det er fordi det er størst fare for at ting losnar, når utstyret er i rørsle. Det betyr likevel ikkje at ting ikkje kan falle ned når utstyret står i ro, og derfor trengst det òg andre førebyggjande tiltak mot fallande gjenstandar i boremodulen.

Ein arbeidar ser opp mot boretårnet frå boredekket. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det vanlegaste og den beste forma for førebyggjande tiltak mot fallande gjenstandar er av alt utstyr som heng i boretårnet. Utstyr som blir sikra på denne måten, kan vere lyskastarar, slangar og anna ein har behov for å ha i boretårnet, og som er knytt til operasjonane.

Eit svært viktig tiltak mot fallande gjenstandar er det som blir gjort etter store skakingar i utstyret. Det er innført ein prosedyre som heiter , som er ein fast rutine for å sjekke etter usikra gjenstandar før operasjonen held fram.

Det er vanleg å gjennomføre DROPS etter ein eller når det har vore mykje skakingar i boreutstyret. Skakingar kan forplante seg i alt utstyr som er tilknytt boredekket. På dei fleste plattformer er det òg ønskjeleg å gjennomføre DROPS éin gong kvart døgn, uavhengig av kva operasjonar ein held på med. Men nettopp på grunn av operasjonelle omsyn kan det i nokre tilfelle gå litt lengre tid mellom kvar gjennomføring (sjå òg dropsonline.org).

Riggen skal vere ein sikker arbeidsplass

Det er viktig å tenkje på at det ikkje berre er i boretårnet ein treng førebyggjande tiltak mot fallande gjenstandar. Overalt på ei plattform der det er utstyr som er skrudd fast til ein konstruksjon, er det krav om dobbel sikring.

To arbeidarar som er sikra med selar, monterer eit stillas på ei oljeplattform. Under dei er det fritt fall ned i havet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plattformer er utsette for vêr, vind og bølgjer som kan skape store skakingar, og då må vi gå rundt og sjekke at det ikkje er noko utstyr som har losna og står i fare for å falle ned. Det er klare prosedyrar for slike sjekkar, og i tillegg er det periodiske kontrollar av boltar og sikringar på utstyr som er montert på ein konstruksjon.

Utstyr som heile tida er utsett for vêr og vind som verkar nedbrytande på materiellet, vil før eller sidan bli så slite at delar losnar eller heile utstyr blir rista laus frå festet. Derfor er det viktig å følgje prosedyrar og vedlikehaldsrutinar nøye og å følgje beste praksis.

Skal ein kunne gjere førebyggjande arbeid i tråd med beste praksis, krevst det mykje av arbeidstakar, utstyret og organisasjonen. Som arbeidstakar må du ha kunnskap, erfaring og ikkje minst gode haldningar til tryggleik for å kunne etterleve det som er forventa.

Sist, men ikkje minst må organisasjonen om bord ha oppdaterte prosedyrar, riktige spesifikasjonar og gode sjekklister for at du skal kunne lære og forstå kva som er viktig ved førebyggjande arbeid mot fallande gjenstandar.

CC BY-SASkrive av Kenneth Ludvigsen. Rettshavar: Cerpus AS
Sist fagleg oppdatert 17.07.2017

Læringsressursar

HMS erfaringsoverføring