Hopp til innhald

Fagstoff

Styrkar ved kvantiativ metode

Historikarar som brukar kvantitative metodar, gjer det fordi dei meiner at dei kvantitative analysane gjer det mogleg å fange og analysere større grupper eller breiare tema. Dei kvalitative kjeldene som er tekne vare på, fortel ofte mest om eliten.
Gamle folketellingsdokumenter hos Oslo Byarkiv. Foto av kilde.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opp gjennom historia var det først og fremst eliten som kunne skrive, og såleis hadde høve til å teikne ned eigne tankar eller røynsler for ettertida. Resten av folket kunne ofte ikkje skrive, og om dei kunne, vart det dei skreiv kanskje ikkje rekna som like verdifullt å ta vare på. Nettopp derfor veit vi langt meir om kva kongar tenkte og meinte enn om fattigfolk og opplevingane deira.

Innsikt

Kvantitative metodar kan hjelpe oss til å få betre innsikt i dei som ikkje sjølve har etterlate seg skriftlege spor. Med statistikk kan vi behandle kjeldemateriale som er vanskeleg å analysere kvalitativt. Typiske døme på slikt kjeldemateriale er oversikter som staten eller større institusjonar samla for å få oversikt over det dei administrerte. Desse er i praksis berre lange lister med namn og/eller tal, men med statistiske analysar kan dei fortelje historikaren mykje om samfunnet.

Skattelister og folketeljingar

Det vart laga skattelister for å ha oversikt over kven som skulle betale skatt, men dei viser også historikarar kven som hadde formugar og kor rike desse var. Folketeljingar vart laga for å få oversikt over folkemengda, dels med sikte på skattlegging, men også for å planleggje militær utskriving. Historikarar har brukt dei til å forstå grunnleggjande strukturar i historiske samfunn, slik som kva den vanlege familiestorleiken var, eller kor vanleg det var med ulike yrke.

Ein stor fordel med kvantitative metodar er at det ofte er lett å formidle resultata. Ein graf eller eit diagram kan enklare vise eit poeng enn om ein skal forklare med ord. Premissa som statistikken er basert på, er også ålment akseptert som logiske. Saman gjer desse det enklare å kommunisere på tvers av språk eller andre forskjellar.

Representativt utval

Med kvantitative metodar kan ein også hente ut representative utval av ei folkemengd. Dette er enormt arbeidssparande sidan ein slepp å gå gjennom kvart einskild datapunkt. I staden klarer det seg med eit mindre utval som likevel kan representere ein større heilskap. Om ein har datamateriale som strekkjer seg over tid, kan tidsseriar vise utvikling og endring. Den teknologiske utviklinga dei siste åra har også gjort det lettare å analysere store datamengder og å behandle og formidle materialet på nye måtar. Ein sit ikkje lenger med blyant og kalkulator, det held kanskje å klikke på ein knapp i eit dataprogram.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Ragnhild Tønnessen. Rettshavar: Norsk lokalhistorisk institutt
Sist fagleg oppdatert 13.09.2017

Læringsressursar

Tal og statistikk i historiefaget