Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Studer nett-TV-sjangarar

Fleire nettaviser har i dag sin eigen nett-TV. Det dei oftast tilbyr, er nyheiter og underhaldning. Ein del av dette innhaldet er kjøpt frå utanlandske produsentar, men mykje er produsert av nettstaden sine eigne videojournalistar.
Redaktør Torry Pedersen held opp ein mobil med VGs nettsider i VGs fjernsynsstudio. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Studer nett-TV-innslag

Nettavisa VG har satsa mykje på å utvikle eigne nett-TV-sjangrar. Studer tilbodet av TV-sjangrar på nettsiden til VG TV.

  1. Kva for sjangrar tilhøyrer dei innslaga du finn der?
  2. Er det nokon sjangrar som dominerer tilbodet?
  3. Korleis er tilhøvet mellom eigenprodusert stoff og utanlandsk stoff i nett-TV-innslaga?
  4. Ber nokon av innslaga preg av at dei er laga spesielt for nettet? Grunngi svaret.
  5. Korleis skil desse produksjonane seg frå tilsvarande sendingar i dei tradisjonelle TV-kanalane når det gjeld formspråk og verkemiddel?
CC BY-NC-SASkrive av Mediana.
Sist fagleg oppdatert 10.02.2021

Læringsressursar

Medieaktørar og mediesjangrar