Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bilete med sterke symbol

Når vi skal tolke eit bilete er det viktig å sjå etter kjente symbol. Slike visuelle teikn sett ofte det vi ser, inn i ein djupare samanheng.

Flagget som symbol

Symbol kan vere uttrykk for verdiar som samlar eller splittar folkegrupper. Dette ser vi til dømes i krig eller konfliktar, der flagget blir eit symbol som nokon kan gå i døden for, eller som andre brenn og trakkar på i forakt for fienden.

Oppgåve 1

  1. Flagget er eit symbol som går att i mange bilete. Studer bileta i biletkarusellen og prøv å finne historia bak kvart av de ti bileta gjennom søk på nettet.
  2. Samanlikn bilete 1 og 2.
    - Kva symboliserer flagget i desse bileta?
    - På kva måte forsterkar komposisjonen bodskapen i biletet?
  3. Samanlikn bilete 2 og 3.
    - Kva har desse bileta felles, og kva er heilt forskjellig?
    - Kvifor er flagget sentralt i desse bileta?
  4. Samanlikn bilete 4 og 5.
    - Kva har desse to bileta felles?
    - Kva symboliserer flagget?
    - Gjer greie for måten bileta er komponerte på, og kva det signaliserer.
  5. Samanlikn bilete 6 og 7.
    - Kva for sterke kjensler er knytt til flagga i desse to bileta?
  6. Samanlikn bilete 8 og 9.
    - Kva symboliserer flagget i desse to bileta?
    - Korleis er andre symbol i bileta med på å forsterke bodskapen?
  7. Studer bilete 10.
    - Kva signaliserer flagga i dette biletet?
    - Ein kan oppfatte dette biletet som ein kontrast til bilete 2. Kvifor?
  8. Kvifor er det knytt så sterke kjensler til flagget som symbol?

Hitler som symbol

I etterkrigstida er personen Adolf Hitler blitt eitt av dei symbola som har sterkast negativ lading. Den som blir samanlikna med Hitler, ligg tynt an. Det er derfor eit kjent retorisk knep å manipulere motstandarar inn i ein hitler-positur i ei biletleg framstilling.

Oppgåve 2

  1. Studer bileta i biletkarusellen ovanfor. Dei tre siste bileta er manipulerte, og krev kjennskap til originalbiletet av Adolf Hitler. Kva har bileta til felles?
  2. I kva for samanheng blei dei tre siste bileta brukte?
  3. Kva for effekt trur du avsendarane ønskjer å oppnå?
Julekort med nisse. Tegning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når symbola blir for sterke

Nokre symbol kan bli så sterke at styresmakter forbyr dei, slik tilfellet var med binders på jakkeslaget, nisselue og H7-symbol då Noreg var okkupert under 2. verdskrigen. Det same gjeld bruk av hakekorset etter krigen.

Oppgåve 3

  1. Korleis er lovgivinga er på dette området i Noreg i dag? Er det nokre symbol som er forbodne å bruke i offentleg samanheng?
  2. Kva med Tyskland og Frankrike, gjeld dei same lovene der?
  3. Kjenner du til nokre andre land der spesielle symbol er forbodne i det offentlege rommet?
CC BY-NC-SASkrive av Jostein Saakvitne. Rettshavar: Mediana
Sist fagleg oppdatert 28.12.2017

Læringsressursar

Biletanalyse og bilete i kontekst