Hopp til innhald

Fagstoff

Mineral og sporstoff

Sjølv om dei ulike uorganiske minerala til saman berre utgjer ein liten del av kroppsvekta vår (om lag 4 prosent), er dei svært viktige. Minerala er naudsynte for mange prosessar i kroppen vår, men dei blir ikkje forbrende.
Ei mengde ulike råvarer av frukt, grønt, kjøt, fisk, mjølk, egg og kornprodukt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mineral

I motsetning til vitamina er fleire mineral viktige byggjesteinar i kroppen. Særleg skjelettet er avhengig av mineraltilførsel. Mineral er òg viktige for at nervesystemet og musklane skal fungere normalt.

To hovedgrupper

  • Mineral – som vi treng relativt mykje av, og som fungerer som byggjesteinar i kroppen. Døme på slike mineral er kalsium og fosfor.
  • Sporstoff – som kroppen berre treng ørsmå mengder av. Sink, selen og krom er døme på sporstoff.
Ulike, ferske meieriprodukt på eit serveringsfat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sporstoff

Sporstoff er nemninga på meir enn 100 grunnstoff som til saman utgjer mindre enn ein titusendel av kroppsvekta. Fleire av sporstoffa er livsnødvendige, det vil seie at mangel kan føre til sjukdom og i verste fall død.

To grupper sporstoff

  • dei livsnødvendige – som jern, sink og jod
  • dei giftige – som bly og kadmium

Både dei giftige og dei nødvendige sporstoffa har ein tendens til å hope seg opp i feittet og beinstrukturen. Det er vanskeleg å studere effekten av mangel på eller tilskot av sporstoff, for alle stoffa fungerer saman med kvarandre, eller i konkurranse med kvarandre. Tilskot av eitt enkelt sporstoff vil derfor automatisk endre konsentrasjonen av fleire andre.

Fisk er ei god kjelde til jod, og oksekjøt ei god kjelde til jern og sink.

Hugs

  • Mineralstoffa kan ikkje bli til i kroppen og må blir tilførte via mat og drikke.
  • Mineralstoffa har ulike funksjonar i kroppen.
CC BY-NC-SASkrive av Øyvind Bønes og Nils H. Fløttre.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Kosthald og helse