Hopp til innhald

Kortfilm

Moulton og meg

Den norske animatøren Torill Kove har tatt filmverda med storm med sine mange prislønte kortfilmar. I den Oscar-nominerte filmen Moulton og meg tar ho oss tilbake til sin eigen barndom på 1960-talet.

Om filmen

«Far vår har bart. Den einaste barten i byen. Det er så flaut at eg får vondt i magen» seier den 7 år gamle jenta i Moulton og meg. Tittelen antydar at det handlar om den unike designsykkelen Moulton, men filmen handlar først og fremst om ei 7 år gamal jente som bur saman med foreldre som ønskjer å vere annleis, mens ho sjølv vil helst vere som alle andre.

Med humor viser Kove korleis arkitektforeldra har matstovestolar med tre bein som stadig fell over ende, og at dei heile tida kler dei tre søstrene i heimesydde klede med mønster som liknar samtidskunst. Sjuåringen seier då sårt i filmen «Men er det det vi eigentleg vil?»

Dei fleste kortfilmane til regissør Torill Kove har vore inspirert av hennar eigen familie. I Moulton og meg innrømmer ho at filmen er ein tru kopi av hennar eigen barndom, våren 1965. Men sjølv om handlinga er lagt til 1960-talet, er ønsket om å passe inn noko vi alle kan kjenne oss igjen i.

Oscar-favoritt

Torill Kove er fødd og oppvaksen på Hamar, men flytta til Canada i 1982, lenge før ho vurderte å bli animatør eller filmskapar. Det var faktisk byplanleggjar ho ville bli, og ho oppdaga ikkje at teikningane hennar kunne bli ein karriereveg før ho var i 30-åra.

Sidan har heile filmverda, og spesielt akademiet i Hollywood, lagt sin elsk på animasjonane til norsk-canadiaren. Heile tre gongar har ho blitt nominert til den gjeve Oscar-prisen, også for Moulton og meg i 2015. For kortfilmen Den danske dikteren vann ho også Oscar for beste animerte kortfilm i 2007.

CC BY-SASkrive av Mairi Macdonald. Rettshavar: Norgesfilm AS
Sist fagleg oppdatert 21.06.2019

Læringsressursar

Identitet