Hopp til innhald

Fagstoff

Hjarteskjel

Hjarteskjel er ein familie av muslingar. Dei har sterkt utbogna, hjarteforma, kraftige skal med tydelege, ofte piggete ribber som går radiært ut frå umbo. Det er dette som gir namn til hjarteskjela.
Hjerteskjell. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hjarteskjelet vert født som larve, og då bruker hjarteskjel-larven éin fot til å symje rundt med. Seinare, når han har fått skal, grev larven seg ned og lever nedgraven i sand og mudder frå strandsona og ned til store djupner.

Hjarteskjelfamilien omfattar om lag 100 artar i alle verdshava. Ved norskekysten finn vi sju artar, og dei tre vanlegaste her er vanleg hjarteskjel, glatt hjarteskjel og piggete hjarteskjel. Mange er godt eigna som menneskeføde, mellom anna vanleg hjarteskjel, som kan etast både rå og kokt. Det vert hausta ein del hjarteskjel i strandsona. Desse skjela ligg nedgravne like under sandoverflata. Dei kan haustast med spade eller rive ved låg sjø. Hjarteskjela må stå i reint vatn eit døgn eller to for å kvitte seg med sand før vi kan lage dei til.

Bruk

Hjarteskjela bruker vi vanlegvis dampa, og gjerne i kombinasjon med annan sjømat – i supper, pastaretter med krema sausar osv. Hjarteskjela har god søtleik og ein fast tekstur. Det er viktig å gi dei ei rask varmebehandling, slik at dei ikkje vert seige.

Hjerteskjell med spekeskinke og hvitvinsglass på trekasse i vannkanten. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Næringsinnhald

Hjarteskjel er ei god kjelde til protein, karbohydrat og jern.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020

Læringsressursar

Skaldyr og blautdyr