Hopp til innhald

Fagstoff

Krigsseglar fortel: Å segle i konvoi og senkinga av Bismarck

Under den andre verdskrigen gjekk norske handelsskip i konvoi over Atlanterhavet. Dei store tankskipa frakta flybensin som var viktig for kampen til dei allierte. Egil Magnus Berg hadde hyre på eit skip som gjekk i konvoi.
Fleire større og mindre skip på rekke i konvoi ute på havet. I forkant er eit skip med norsk flagg og noko mannskap på dekk. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Egil Magnus Berg

Egil Magnus Berg frå Trondheim reiste til sjøs i 1934. I 1939 vart han uteksaminert styrmann ved Trondheim offentlege sjømannsskole. Under den andre verdskrigen hadde han mellom anna hyre på Bjørkhaug av Ålesund som mellom anna gjekk i stor konvoi mellom Canada og Storbritannia i 1941.

Berg fortel om å segle i konvoi over Atlanteren og nyhenda om senkinga av krigsskipet Bismarck. Dette var eit skip mange sjøfolk frykta i første del av krigen. Berg har fortald historia si til Bente Heggvik, som har vore knytt til Statsarkivet i Trondheim.

Egil Magnus fortel

Smilande mann i skipsuniform. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eg er fødd og oppvakse i Trondheim. Far min jobba på hamna, og eg var mykje med han. Her var det alltid noko som skjedde, mykje folk og mange båtar. Veldig spennande for ein gutunge å følgje med på aktivitetane – folk i farta som skulle ut og reise, dyr som vart leverte til slakteriet og tonnevis av varer som vart lossa og lasta. Etter utdanning på skoleskipet Tordenskiold (1934) reiste eg til sjøs. I 1939 vart eg uteksaminert styrmann ved Trondheim offentlege sjømannsskole.

Konvoi frå Canada

I mai 1941 hadde eg hyre som 2.styrmann om bord på Bjørkhaug av Ålesund. Vi gjorde oss klare for å gå i konvoi HX 127 frå Halifax i Canada, over til Storbritannia. Etter kvart hang fleire skip seg på, og til slutt talde konvoien rundt 60 - 70 båtar. Fartøya var av ulik storleik. Bjørkhaug var på 3.000 tonn, medan nokre av dei største var på 15.000 tonn. Formasjonen var 9 i breidda, og kvar kolonne var på 7 - 8 båtar. For å verne båtane hadde dei med ein eskorte som bestod av 4 destroyerar og nokre korvettar.

Livsfarleg og dyrebar last

Tankskipa som frakta flybensin hadde plassering inne i gruppe. Dei hadde den farlegaste lasta. Om desse vart trefte av fiendtleg skyts, fekk det katastrofale følgjer for båt og mannskap. For dei allierte var det svært viktig å halde flyvåpenet i gang i kampen mot tyskarane.

Emergency turn

Etter nokre dagar i sjøen fekk vi melding om å ta ein 180 graders emergency turn, det var altså ein nødssituasjon. Vi spekulerte på kva dette skulle bety, men lystra sjølvsagt ordre. Med ein så stor konvoi, og med så mange store skip var det ikkje enkelt å gjere ein full turnover. Før alle hadde endra kurs vestover igjen, vart det mykje kaos og rot. Omsider var alle skipa på retrett. Etter kvart vart konvoien sett igjen, og vi fekk ordre om å setje ny kurs mot Storbritannia.

HMS Ramillies

Konvoien fekk ekstra følgje av det gamle britiske slagskipet HMS Ramillies. Ho var opphavleg på veg til USA for å bli bygd om frå kolfyring til oljedrift, men dette vart no utsett. Slagskipet følgde konvoien eit par døgn før ho auka farta og forlét konvoien. I det ho passerte såg dei gastane om bord gav ei melding med signalflagga. Dei tyda koden: "Lag så lite røyk som mogleg". Så forsvann gamle HMS Ramillies i ei svart røyksky som varte i fleire timar.

Marinefartøy i sikte

Skipa måtte heile tida vere på vakt og hadde difor ei utsiktstønne montert i formasta. Dagen etter at det gamle britiske slagskipet hadde segla frå dei, gav karen som hadde utkikk melding om at han såg master og overbygg på eit større marinefartøy framme i horisonten. Det gav ein støkk i oss alle om bord på Bjørkhaug. Vi frykta det verste, og tenkte at det var eit av dei tyngre slagskipa til fienden som nærma seg. Heldigvis var det ein stor britisk kryssar med eskorte som nærma seg, og passerte oss. Vi drog eit letta sukk, men forstod at det var noko i gjære.

Mannskap ved luftskytskanonane på eit skip. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Velberga over til Storbritannia

Heldigvis kom alle skipa i den eine store konvoien seg velberga over til dei ulike destinasjonane på vestkysten av England. Vi fekk levert lasta på dei stadene vi var sett opp, og kunne puste ut etter ein strabasiøs tur. Gudskjelov, denne gongen gjekk det bra, ingen skip vart skada og alle overlevde.

Kva skjedde med Bismarck?

Fakta om Bismarck

Krigsskip på sjøen. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bismarck var det største slagskipet til Tyskland under den andre verdskrigen. Det var kalla opp etter Otto von Bismarck. Skipet var på 41.700 tonn og mannskapet var på heile 2.200. Skipet hadde åtte store kanonar med ei rekkevidde på 35.000 meter, og 81 mindre kanonar. Bismarck vart senka i Atlanteren 27. mai 1941. (Kjelde: "Bismarck" (1939), 2022)

Ved innseglinga til Liverpool kunne losen fortelje oss at Bismarck var senka på veg til Brest i Frankrike. Grunnen til at vi måtte ta ein 180 graders turnover og at HMS Ramillies auka farta, var informasjon om at Bismarck og Prinz Eugen hadde forlate norskekysten. Det britiske slagskipet som nesten skremde vettet av oss var med i jakta på Bismarck. Dei tyske krigsskipa hadde sett kurs ut i Atlanteren, det vart trudd at dei var ein stad mellom Island og Grønland. At Bismarck og Prinz Eugen skulle støyte på ein så stor konvoi med handelsskip var svært lite ønskeleg.

Eit skip i silhuett mot røyk i bakgrunnen. Svart-kvitt foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi klappa i hendene då vi fekk høyre dette nyhendet, men i ettertid har eg tenkt at dei var jo menneske om bord på det tyske slagskipet også. Det var sikkert ei mor, kone eller barn som vart lei seg fordi dei mista nokon dei var glade i.

Kjelde

"Bismarck" (1939). (2022, 4. mai). I Wikipedia. https://no.wikipedia.org/wiki/"Bismarck"_(1939)

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Bente Merethe Heggvik. Rettshavar: Statsarkivet i Trondheim
Sist fagleg oppdatert 21.09.2022

Læringsressursar

Krigen i Noreg