Hopp til innhald

Fagstoff

Slik skriv du eit debattinnlegg

Som informasjonsmedarbeidar i ei bedrift eller ein organisasjon kan du bli beden om å skrive eit utkast til eit debattinnlegg. Det kan vere eit svar på noko som har stått i media, eller eit innlegg i ein diskusjon som vedkjem verksemda.
Ein ettertenksam mann framfor ei datamaskin. Fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Slik lagar du eit godt debattinnlegg

Eit debattinnlegg må først og fremst kommunisere med lesarane og overtyde dei om at synspunkta dine er fornuftige. Det betyr at du må underbygge synspunkta dine med gode og haldbare argument. Innlegget må ha ein gjennomtenkt struktur og eit godt språk. Elles kan det tenkast at redaksjonen legg det bort til fordel for andre og betre innlegg.

  • Ikkje ver tannlaus: Ofte lønner det seg å halde ein fagleg og sakleg tone i innlegget, men det må heller ikkje bli så keisamt og tannlaust at ingen gidd å lese det.
  • Vit kva du snakkar om: Det viktigaste når ein skal skrive for det offentlege rommet, er at ein er trygg på det ein skriv, både når det gjeld fakta og eiga erfaring. Dersom du har god innsikt i temaet som blir debattert, treng du ikkje referere til utsegner frå ekspertar og faglitteratur. Dersom du vel å støtte deg på vurderingar frå andre, kan du gjere dette i form av korte sitat.
  • Vit kven du skriv for: Dersom det er folk flest, må du ta omsyn til det, både når du vel form, fagtermar, måten du argumenterer på og – ikkje minst – lengde. Det enkle er det beste. Tunge, faglege formuleringar kan (og må) du forklare enkelt.
  • Les innlegget høgt: Les innlegget høgt for andre eller for deg sjølv. Då vil både altfor interne eller munnlege formuleringar, gjentakingar og ukritisk bruk av fagspråk bli tydelegare – og du får ei moglegheit til å redigere, forenkle og skrive om.

Oppbygging av teksten

Tenk nøye gjennom innleiinga. Folk les innlegg raskt, og lange, kompliserte og kronologiske innleiingar tærer på tolmodet. Derfor bør du komme til poenget – nemleg problemstillinga – jo før, jo heller. Sei det viktigaste du vil ha sagt, så tidleg som råd.

Gløym kronologien og ikkje spar godbitane til slutt! Men for all del, ikkje gå så fort fram at problemstillinga blir uklar for utanforståande.

For å få lyst til å lese vidare må lesarane kunne identifisere seg med emnet. Hugs at dei aller fleste lesarane er "utanforståande". Jobb spesielt mykje med avslutninga. Det er utilfredsstillande når eit godt innlegg ikkje har eit tydeleg sluttpoeng. Men dersom alternativet er moraliserande gjentakingar, er det betre å stoppe i tide.

Tips

Dersom du er usikker på forma, er det lurt å halde seg til desse fem punkta:

  1. Skriv ei kort innleiing som gjerne kjapt referer problemstillinga og samanfattar det du vil seie.
  2. Presenter hovudpoenget så tidleg som mogleg.
  3. Gjer kort greie for bakgrunnen for innlegget ditt.
  4. I nokre få og korte avsnitt kan du så argumentere for synspunkta dine. Kom gjerne med døme, eller referer til di eiga eller andre si erfaring med eller kunnskap om problemstillinga. Du kan òg ta med ei konsekvensvurdering.
  5. Til slutt skriv du ei kort oppsummering, gjerne med ein konklusjon eller eit godt sluttpoeng Gjentaking er bra, men bruk det forsiktig på slutten.

Lengde og oppdeling

Eit godt debattinnlegg bør vere på maks ei A4-side med vanleg linjeavstand. Dersom den som skal lese og redigere, må bla sidevis framover, minkar sjansane for at innlegget blir brukt.

Teksten er lettare å forstå for mottakaren dersom du set inn mellomtitlar, men for korte innlegg (innanfor eitt A4-ark) treng du ikkje gjere det. Redaksjonane bruker gjerne andre typografiske verkemiddel, til dømes utheving av dei første orda i eit avsnitt. Det er viktigare å lage tydelege og mange avsnitt, og helst la avsnitta vere nokolunde korte og avslutta innhaldseiningar.

Språklege verkemiddel

Det er vanleg å formulere problemstillingar i spørsmålsform. Nokre av spørsmåla er det ikkje råd å svare på, og slett ikkje av lesarane. Då fungerer dei som retoriske spørsmål eller meir eller mindre indignerte utrop frå den som skriv. Det er lett å overdrive dette, og då blir lesaren fort frustrert. Dei fleste likar ikkje folk som berre roper.

Lesaren må få tid til å fordøye innhaldet i eit medieinnlegg. Dersom ein meir eller mindre indignert ramsar opp problem, kritikk og har mange hjartesukk, blir det for heseblesande sjølv for ein rask lesar.

Enkelte formuleringar går så ofte att at dei blir utslitne. Ein treng kanskje ikkje lenger å gjenta floskelen " … Noreg, som eit av dei rikaste landa i verda …", i alle debattinnlegg. Prøv heller å finne nye og friske formuleringar. Stryk overflødige adjektiv og atterhald du ikkje treng å ta med. Unngå ironi, det går ikkje alltid bra. Ironi er vanskeleg å skrive – og endå vanskelegare å forstå.

Rett skrivefeil

Redaksjonar tek seg ofte bryet med å rette på eit innlegg, dersom dei ønsker å trykke det. Men nokre gonger tek dei seg ikkje bryet, og då er det mest pinleg for den som har skrive innlegget. Eit innlegg prega av stavefeil og særskrivingsfeil ("lamme lår" eller "ananas biter") blir ikkje alltid teke seriøst. Dårleg språk og rettskriving gir eit negativt bilete av innsendaren.

Dei aller fleste ser ikkje sine eigne feil. Ta derfor ein ekstra runde, både med og utan retteprogram.

Lær av andre

Politikarar og medlemmer i organisasjonar skriv mange debattinnlegg. Les og lær!

Plan Norge: Slik skriver du leserinnlegg

Relatert innhald

CC BY-NC-SASkrive av Trygve Skanding og Mediana.
Sist fagleg oppdatert 25.04.2018

Læringsressursar

Skriv argumenterande og drøftande tekstar