Hopp til innhald

Fagstoff

Spiskammer i skog og mark

Om våren dekker naturen opp eit grønt tapasbord. Gratis, sunt, kortreist og blotta for tilsetningsstoff! Årets første vårvarme lokkar dei friske, grøne rosettblada til marikåpa opp av bakken.
Ei gjennomsiktig plastflaske er tredd inn på og heng frå ei bjørkegrein. Flaska er halvfull med ei klar væske. Foto.

– Snart er det tid for å plukke inn, seier Ann-Louise Fransson entusiastisk.

Vi sit midt i spiskammeret hennar: På den gamle slåtteenga, og i bakken opp mot låven, her veks mykje av det ho nyttar i kjøkkenet: meldestokk til lasagne, skvallerkål til salatar og paiar, brennesler til brød og suppe. Litt lenger borte, i skogen, har ho det ho treng til ein vårfrisk bjørkedrikk og ein sirup kokt på granskot.

– Eigentleg er det ingen grunn til å kjøpe halvfabrikata når så mykje godt og sunt veks rundt omkring oss, meiner Ann-Louise som er urteterapeut og naturguide.

Overlever

Mange fnyser kanskje forakteleg ved tanken på å ha ugras på tallerkenen. Samtidig har kunnskapen om kva som kan etast av vekstane i naturen, mange gonger vore avgjerande for overlevinga til menneska. Før i tida var ville vekstar ein viktig base i kosthaldet. Dei tronge økonomiske forholda for folk flest gjorde at dei måtte ta vare på alt som var etande. I dag handlar den nyvakna interessa både om å kunne klare seg i naturen, om smak og om helse. – Ville vekstar har eit naturleg mangfald av næringsstoff som ei dyrka plante, gjødsla med kunstgjødsel, aldri kan få. Ofte dreier det seg om forskjellige viktige sporstoff, seier Ann-Louise Fransson.

Te av mjødurt

Ann-Louise byr på te laga av tørka mjødurtblomstrar, smaksett med ringblomster og gullris. Teen er sommarleg og frisk, han motverkar halsbrann og er mildt smertelindrande – ettersom innhaldet av salicin i mjødurtblomstrane blir omdanna til salisylsyre i kroppen.

Ein kopp med urtete med fem haugar med ulike urter rundt. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sunne salatar

Ann-Louise har fylt frysaren med meldestokk, skvallerkål og brennesle. Dei ville vekstane er perfekte som grunnstamme i salatar, supper, gryter og gratengar. Og i det gamle kjøkkenskapet til oldemora er det full av glas med handskrivne etikettar: myrhatt, hagtorn, blåbærblad, lindeblomstrar, roseblad. Dei tørka plantedelane blir nytta til urtete og som smaksforsterkar, og har i mange tilfelle lækjande eigenskapar.

– Grunnregel nummer ein er at ein må vite kva ein nyttar, seier Ann-Louise. Nokre vekstar er skadelege eller direkte giftige. Men med kunnskap og erfaring kan ein utvide utvalet av urter ein nyttar. Grunnregel nummer to handlar om å ta vare på naturen, fortel Ann-Louise:

– Når eg plukkar noko, tek eg berre så mykje at det ikkje viser at eg har vore der.

Vill salat

Forskjellige typar blad kan blandast, som eit godt og miljøvennleg alternativ til butikksalaten. Komponer din eigen miks med spede blad frå bøk, lønn, lind, engsyre, løvetann, gaukesyre og almefrø.

Flasker og glas med urteoljer og urtelikørar. Dei er pynta med band og fint etikettar. Alt står i sollys på eit bord, og det er grøn natur i bakgrunnen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Plukkesesong

Om våren er blada spede og næringsrike. Då plukkar du mellom anna brennesle, skvallerkål, bjørkeblad, lindeblad, almefrø, løvetann og meldestokk.

  • Ikkje plukk i vegkantar, på grunn av avgassar og vegstøv.
  • Plukk med måte, slik at du ikkje utarmar naturen på staden.
  • Bruk unge, friske blad.
  • Vit kva du plukkar!
CC BY-SASkrive av Mikael Persson. Rettshavar: NTB
Sist fagleg oppdatert 30.01.2024

Læringsressursar

Ville nyttevekstar